Blog

des 08
Travle dagar på Epleriet

Midt på nordsida av Helgøy, med utsikt over Fisterfjorden, ligg Epleriet. Der har Anne Norunn Helgøy, og mannen hennar, Kristen, bygd opp ein moderne møteplass som kombinerer opplevingar, matkultur og fruktproduksjon.

des 07
Førjulskonsert med Eidsvåg: Stemningsfullt og personleg

Laurdag kveld fekk vel 60 frammøtte oppleva ein heilt spesiell førjulskonsert i Løa i Tønnevik, med Vigdis Eidsvåg og pianist og trekkspelar Halvor Lillesund.

des 05
Frivilligheita – hjarta i Hjelmeland

5. desember er FN sin internasjonale dag for frivilligheit. I dag passar det godt å takka dei som gjev av si eiga tid for å legga til rette for møteplassar, aktivitetar og fellesskap.

des 04
Inviterer til danseframsyning

Torsdag kveld inviterer Hjelmeland kulturskule til danseframsyning på Hjelmeland Samfunnshus.

des 03
Riis fortalde om Ritlandskrateret

I kveld var geolog Fridtjof Riis på besøk i Spinneriet, for å fortelja om Ritlandskrateret, i samband med Hjelmeland Sogelag sitt julemøte.

des 02
– Alt eg gjer har eit politisk bodskap

Performance-kunstnar Liv Reidun Brakstad kom nyleg heim frå Marrakech, der ho retta fokus på det viktigaste av alt: Barna, naturen og ei framtid utan våpen.

des 01
Lys vakne i Årdal kyrkje

Fredag kveld var det full aktivitet i Årdal kyrkje, då 18 femteklassingar deltok på «Lys våken»; eit arrangement som markerer starten på adventstida.

nov 30
Klissblaut julehandel

Duskregnet og skodda låg laurdag ettermiddag som eit teppe over Hjelmelandsvågen. Likevel tok både store og små turen til den årvisse julemarknaden; den fjerde i rekka.

nov 30
Basar med årer, loddbok, flanellograf og riskrem

Både riskremen og gevinstane fekk bein å gå på, då styret i Hjelmeland Bedehus inviterte til den årvisse bedehusbasaren laurdag ettermiddag.

nov 29
– Det var god bingo!

Kvar haust inviterer Randøy Idrettslag til bingo på Randøy Grendahus. I år var ca. 130 deltakarar med på ståbingo, sittebingo og vanleg bingo.