Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Travle dagar på Epleriet

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

Midt på nordsida av Helgøy, med utsikt over Fisterfjorden, ligg Epleriet. Der har Anne Norunn Helgøy, og mannen hennar, Kristen, bygd opp ein moderne møteplass som kombinerer opplevingar, matkultur og fruktproduksjon.

Anne Norunn og Kristen overtok garden frå foreldra til Kristen i 2015. Fruktgarden var då moden for oppgradering, og dei valde å riva opp alle frukttrea og planta nytt.

– Veldig mange synest at dette var fascinerande; både den nye dyrkingsmetoden og korleis me jobba og levde her ute på øya før brua kom, fortel Anne Norunn til Mitt Hjelmeland.

Svigerfaren hennar, Jon Arne Helgøy, har «i alle år» invitert folk heim til Helgøy, for å visa dei rundt på øya.

– Han kunne koma med 10–20–30 mann på tilhengaren bak på den gamle Masseyen, men nå har me blitt siviliserte, så då går ikkje det lenger. Men eg hadde likevel ein idé om at folk syntest at det var spanande å vera her, og sjølv syntest eg at det var kjekt å samla folk, seier Anne Norunn, som rett nok likar å vera betre førebudd enn svigerfar Jon Arne.

SERVITØR: Anne Norunn Helgøy likar å invitera folk heim til Helgøy, og stiller gjerne opp som servitør for å få personal-kabalen til å gå opp. (Foto: Morten Hetland)

Idéen om å invitera folk til Helgøy fekk vatn på mølla då Anne Norunn, i samband med ein politisk konferanse om reiseliv og turisme, høyrde om kva dagens turistar såg etter og kva dei ønskte å oppleva. Anne Norunn tenkte at Hjelmeland og Helgøy kunne sjekka av alle punkta på lista.

I tillegg ynskja Anne Norunn seg ein jobb nærare heimen, i staden for å pendla inn til legekontoret på Hjelmeland, slik at det var mogleg å styra dagane meir sjølv.

Dermed sette ho og mannen Kristen i gang med å planlegga eit flunkande nytt selskapslokale i enden av den største frukthagen på garden.

BYGGEPROSJEKT: Anne Norunn og Kristen Helgøy (t.v.) fekk hjelp av Hjelmeland Bygg til å setja opp selskapslokalet Epleriet. Her står han saman med Espen Bomark, Svein Kåre Einervoll og dagleg leiar i Hjelmeland Bygg, Birger Laugaland (t.h.). (Foto: Anne Norunn Helgøy)

Midt i koronaåret 2020 opna Anne Norunn og Kristen dørene for dei første gjestene. Grunna nasjonale smittevern-restriksjonar fekk dei berre ha små gruppar på 10–20 personar om gongen, som måtte halda minst éin meters avstand, og alle måtte registrerast på namnelister.

– Det var godt at me fekk øva oss på små grupper først. Nå har me av og til over 100 gjester, og det krev meir logistikk og planlegging, seier Anne Norunn, som balanserer rolla som vertskap med kvardagen som firebarnsmor.

MEDHJELPAR: Silje Jørmeland har hovudansvaret for matserveringa på Epleriet. – Eg er veldig glad for å ha med meg Silje. Når ho får ta seg av maten, og eg får ordna alt det praktiske, får me begge gjort det som me er best på og synest er kjekkast, fortel Anne Norunn Helgøy. (Foto: Morten Hetland)

Då Epleriet opna var det ikkje bru til øya, men frå og med juni 2022 kunne både personbilar og bussar kjøra heilt til døra.

– I starten levde me nok litt på kontaktar og nettverket som me hadde frå før, men nå kjem det stadig nye folk som ikkje har vore på Helgøy før. Gjestene våre er både lokale og folk som reiser langvegsfrå, mellom anna frå Haugesund, Jæren og Sørlandet, seier Anne Norunn.

Frukt-turisme er ein viktig del av tilbodet til Epleriet. Gjestene får omvising mellom dei 20.000 frukttrea, smakar på frukt, eplemost og morellar.

– Etter runden i frukthagane får dei koma inn i Epleriet, og får servert middag og dessert basert på lokale råvarer. Etter måltidet fortel me historier om gardsdrifta og livet her på Helgøy, og før dei reiser heim igjen, er det mange som handlar i gardsbutikken, som byr på alt frå eplemost og tørka eple, til syltetøy og dessertmorellar, seier Anne Norunn.

GARDSBUTIKK: Anne Norunn gler seg over at gjestene ofte handlar i gardsbutikken på Epleriet før dei reiser heim igjen. (Foto: Morten Hetland)

Dagane på Epleriet og Helgøybakkane Fruktgard er varierte. Om sommaren er det høgsesong med bryllaup, selskap og grupper som skal på omvising i frukthagane. Om vinteren er det rolegare, men ikkje heilt stille.

– Rett over nyttår begynner me å klippa 20.000 frukttre. I februar held me kurs i skjering av frukttre, og i mars står podekurs på planen, fortel Anne Norunn, og legg til at dei òg arrangerer konsertar og foredrag gjennom heile året.

– Eg synest det er veldig kjekt å kunna bruka garden på denne måten; at me ikkje berre går heime åleine og tutlar, men at me kan dela med andre. Mange av gjestene seier at dei får stor glede og inspirasjon av å vera her, og det er jo det kjekkaste av alt, avsluttar Anne Norunn Helgøy.

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print
Bli varsla om oppdateringar? OK Nei, takk