Ryfylkeklang hadde på førehand halde konsert for kring 80 frammøtte i Erfjord, og oppmøtet var slett ikkje ringare på Hjelmeland.
Innslaga som blei presenterte veksla mellom tekstlesing av Ingebjørg Vik Laugaland, a capella-song med samtlege ryfylkeklangar og instrumentale stykke med trombone, trompet og kyrkjeorgel.
Dei mest kjende songane var nok «Kýrie eléison» og «Den fyrste song», men konserten toppa seg likevel under avslutningsnummeret, «Fager kveldsol smiler», med solosong, trompet- og trombonesolo, pianospel og korsong. Dersom kyrkjekonstruksjonen ikkje hadde vore så solid som den faktisk er, skal ein ikkje sjå vekk frå at taket hadde løfta seg nokre centimeter.
Etter denne konserten må ein berre kryssa fingrane og håpa på at me får høyra meir frå dei samstemte ryfylkingane.