– Dette er ein draum som har vore lenge i tankane, og i dag blir den endeleg verkeleg. Å opna SPAR Hjelmeland her på Pundsnes har ikkje vore lett. Det har vore, som dokker alle veit, ein lang kamp, men me gav oss ikkje, så nå er butikken her, sa butikksjef Tone Kristin Laugaland Munthe, før ho klipte den raude snora.

Familien Munthe eig selskapet Munthe Dagligvare AS, som tok over drifta av den lokale SPAR-butikken frå og med nyttår i 2013.
Heilt sidan dei tok over butikkdrifta, har Tone Kristin og Arild drøymt om ein større butikk.
Men draumen deira var i strid med både lokale og regionale planar, og prosessen blei langt meir krevjande enn dei hadde sett føre seg.
Saka blei løfta heilt til Kommunal- og distriktsdepartementet, som 8. september for snautt to år sidan godkjente bygginga av den nye butikken like ved riksvegen på Pundsnes.
Ståle Halsne, éin av politikarane som var skeptiske til å flytta daglegvarehandelen ut av sentrum, var blant kundane som stakk innom på opningsdagen. Han skryt over den flotte butikken og pågangsmotet til Munthe-familien.

Den nye butikken er over dobbelt så stor som den gamle butikken i Prestagarden, og har eit salsareal på ca. 680 kvadratmeter. Opningstida er utvida med éin time i kvar ende på kvardagane, og éin ekstra time på laurdagskveldane.
– Dette er Norges finaste SPAR-butikk, seier Ole Christian Fjeldheim, som er administrerande direktør for Kjøpmannshuset Norge AS, og kjededirektør for SPAR-butikkane i Noreg.
SPAR-direktøren har følgt med på Munthe-familien sine planar, heilt sidan han begynte i stillinga for over 12 år sidan. Butikksjef Tone Kristin synest det er stas at direktøren tok turen heilt frå Oslo, for å vera med på opninga av den nye butikken.
– Opninga har vore kanonbra! Det verkar som at folk er fornøgde, og det har gått over all forventing. Berre det å sjå at seks–sju bilar svingar inn frå ferjesleppet, er ei stadfesting på at me er synlege, nå når me ligg ved riksvegen, smiler Tone Kristin.

Terje og Marit Pundsnes bur på den andre sida av riksvegen, berre eit steinkast frå den nye butikken, og ynskjer dei nye naboane hjarteleg velkomne til Pundsnes.
– Det er heilt utruleg at det går an å få til noko slikt på Hjelmeland, skryt Terje Pundsnes.
– Her er det fint og oversiktleg, godt vareutval og mykje blide folk, så her kan me gå mange gonger om dagen, seier Marit Pundsnes, og ler når ho røpar at Terje, mannen hennar, har tatt turen innom for tredje gong i løpet av opningsdagen.
Med ein toppmoderne butikk, ser Tone Kristin og Arild lyst på framtida for Munthe Dagligvare AS. Dei er glade for at eldstesonen Christian har blitt med på laget som assisterande butikksjef.
– Me gler oss veldig til dagane, vekene og åra som me har framfor oss, smiler Tone Kristin og Arild.
– Og så vil eg hylla og takka for all hjelpa me har fått av både tilsette, venner og familie, som har stilt opp, dag ut og dag inn, både på kveldar og i helga før, og utsett ferien sin, for at me skal få ein god start i den nye butikken, avsluttar butikksjef Tone Kristin Laugaland Munthe.






