Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Følgjer guttedraumen

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

Hausten 2014 reiste Christian Vanvik (17) til Assisi i Italia, for å følgja fotballdraumen sin. Der er han den einaste nordmannen på Empoli FC sitt fotballakademi.
VELKOMST: Christian Vanvik ynskjer Mitt Hjelmeland velkommen til Assisi. (Foto: Morten Hetland)

– Kvifor står dokker der ute? Dokker må jo koma inn.

Stemmen tilhøyrer ein morgontrøytt 17-åring, som står i døropningen til ein diger mursteinsbygning i den italienske mellomalderbyen Assisi; 2,5 timars kjøretur nordaust for Roma.

Reportasjeteamet frå Mitt Hjelmeland har endeleg kome fram til Convitto Nazionale Principe di Napoli, og hjelmelandsbuen Christian Vanvik står i døropninga, med ei Björn Borg-taske over skuldera og sleik i håret.

AVKOPLING: Når Christian skal kopla av i den travle kvardagen, nyttar han ofte tida til å kommunisera med omverda via sosiale media.

FOTBALL HEILE LIVET

Christian har vore fotballfrelst sidan han var gammal nok til å sparka fotball.

– Det var ikkje så mykje anna å gjera på Imsland, der eg voks opp med farmor og farfar som næraste og einaste naboar. Eg sparka og triksa med fotballen ute på plenen, og blei etter kvart med på eit fotballag, fortel Christian.

Seks år gammal starta han på Vindafjord Idrettslag sitt G6-lag. Familien flytta seinare til Hjelmeland, og frå 2. til 10. klasse var Christian eit fast innslag på dei aldersbestemte fotballaga til Hjelmeland Idrettslag.

Før han reiste til Italia hadde han to års erfaring frå seniorlaget til Hjelmeland IL, samt ein halv sesong for fjerdedivisjonslaget Riska FK.

MELLOMALDERBY: Assisi ligg på ei høgde over eit vidstrekt landbruksområde, ca. 2,5 timars kjøretur nordaust for den italienske hovudstaden. (Foto: Morten Hetland)

TRAVLE DAGAR

I september reiste Christian frå Noreg til Assisi, for å gå på fotballakademiet til den nyopprykka Serie A-klubben Empoli FC. Privatskulen som fotballakademiet samarbeider med, har om lag 900 elevar totalt, og Christian er blant dei ti prosenta av elevane som bur på skulen.

– Dagane går fort, med undervisning på skulen om føremiddagen, og fotballtrening eller treningskampar om ettermiddagen. Eg har undervisning og trening måndag til laurdag, så sundag er den einaste dagen eg har tid til å kjeda meg. Då går det stort sett i å sova og slappa av, gå rundt i byen, eller kanskje vaska klede, forklarer Christian, før han tek oss med på omvisning på skulen.

UTLENDING: Christian får italiensk-undervisning som er tilpassa «utlendingar», som han sjølv seier. (Foto: Morten Hetland)

Etter ein kort visitt i italienskundervisninga for «utlendingar», får me sjå internatrommet, som han deler med to andre. Hushjelpa på internatet prøver å formidla, på italiensk, at Christian må rydda betre før ho vil vaska rommet.

– Rommet er ikkje så veldig stort, men det er heller ikkje så veldig lite. Så det er eigentleg heilt passe. Så er det ikkje så veldig ryddig her då… eller, jo eigentleg, for meg er det veldig ryddig her, grublar Christian, medan han reiar opp senga.

Som einaste nordmann i byen må Christian stort sett kommunisera på engelsk eller italiensk.

– Eg kan fleire setningar på italiensk no, og forstår sjølvsagt mykje meir enn då eg kom hit, så det er enklare å forstå og gjera seg forstått, forklarer han.

Det er nemleg ikkje sjølvsagt at alle lærarane og trenarane som er knytt til det internasjonale fotballakademiet meistrar verdsspråket engelsk.

– Det er fleire av trenarane som berre snakkar italiensk, og på skulen forstår eg stort sett berre den grunnleggjande italiensk-undervisninga og engelsktimane. Timane i historie, italiensk og gymnastikk føregår berre på italiensk, sukkar Christian.

– Eg må uansett ta andre klasse på vidaregåande skule når eg kjem tilbake til Noreg, så eg er med i timane berre for å ha noko å gjera. Og så prøver eg å ikkje forstyrra dei andre for mykje, ler Christian.

ÅLEINE: Christian Vanvik er åleine som nordmann i gatene i Assisi. (Foto: Morten Hetland)

EINASTE NORDMANN

Når me går nedover brusteinsgatene, med høge, gamle mursteinsbygningar på beggje sider, får me inntrykk av at Christian er ganske så åleine i byen.

– Eg har det eigentleg ganske bra her. Dagane går i eitt kjør, så eg har ikkje tid til å lengta så mykje, men det var godt å koma heim på juleferie i desember. Dessutan kjem både kjærasten og familien min på besøk frå Noreg, fortel Christian.

Me går vidare nedover brusteinsgatene, for å finna ein restaurant som serverer føremiddagsmat. Christian må ta seg av snakkinga, og prøver seg på nokre italienske gloser, men me må gje opp utan å bli særleg klokare.

– Det blir tungvint når alt skal føregå på engelsk, eller helst italiensk, men heldigvis har eg ein svensk kamerat som går på fotballakademiet saman med meg, så eg får i alle fall snakka litt norsk, seier Christian.

Me gjer eit forsøk på å få tak i noko føremiddagsmat, men må berre innsjå at det framleis er éin time igjen til dei fleste restaurantane opnar. Ingen frå Mitt Hjelmeland har kontantar på seg, men Christian er blitt rutinert, og piler inn på pizzeriaen der han er stamgjest, og får med seg nokre pizzastykke som han et opp på veg tilbake mot skulen. To nye stempel i klippekortet er sikra.

Tilbake på akademiet introduserer Christian oss for sin svenske kamerat Markus, og forklarer han, på godt «svorsk», kva ærend Mitt Hjelmeland er ute i.

– Jaha… Så lokaltidningen din är här för att göra ett reportage om dig? Lokaltidningen min har inte gjort det för mig.

– Næhei, för du är inte god nok, ler Christian med sin lett gjenkjennelege latter.

FOTBALLSPELAR: Christian Vanvik drøymer om ein karriere som fotballspelar. Dette skuleåret går han på fotballakademi i den italienske mellomalderbyen Assisi. (Foto: Morten Hetland)

BLANT DEI BESTE

Christian og Markus er blant dei 30-40 heldige utvalte som har kome gjennom nålauget og fått tilbod om å gå på Empoli FC sitt fotballakademi. Om lag 15 av fotballstudentane kom til Assisi i starten av skuleåret, saman med Christian, og seinare har det kome til ei gruppe med U15-spelarar frå Nord-Korea, samt ein god gjeng frå Australia.

– Me er nivådelte i to grupper, og eg hamna heldigvis i den beste gruppa. Dei andre er håplause, seier Christian med eit glimt i auget.

– Men alle som går på akademiet kjem sjølvsagt til å bli gode i fotball i løpet av skuleåret, legg han raskt til.

På treningane er det stort fokus på pasningar og bevegelse, for å behalda ballen innad i laget. Skottrening mot mål blir det lite av.

– Italiensk fotball har mykje felles med spansk fotball. I motsetnad til norsk fotball, er Italiensk fotball meir teknisk, med pasningar og raskare spel, medan norsk fotball blir meir fysisk og stadig ein kamp om å få ballen fram til spissen, reflekterer Christian, som hadde lite erfaring med italiensk fotball før han sjølv flytta til Assisi.

– No har me trening seks dagar i veka, og speler éin treningskamp kvar veke. Forhåpentlegvis vil eg bli så god at eg på sikt kan leva av å spela fotball, fortel Christian.

I løpet av året kjem talentspeidarar frå fotballklubbar som Empoli, Perugia, Bastia og andre italienske klubbar i Serie A, Serie B og Serie C til å observera Christian og klassekameratane hans på fotballbanen. Viss han gjer tinga sine rett, kan han fort enda opp med å signera kontrakt for ein eller annan italiensk fotballklubb.

– Framtida mi kjem til å innehalda fotball, og forhåpentlegvis kan eg leva av å spela fotball, kanskje her i Italia, tenkjer Christian høgt.

– Og viss dette ikkje går, så kan eg jo alltids reisa tilbake til Noreg og fullføra vidaregåande skule. Eg tapar dermed ingenting på dette året i Italia, konkluderer fotballfrelste Christian Vanvik, før me takkar for besøket, og ynskjer han lukka til vidare på fotballakademiet i Assisi.

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print
Bli varsla om oppdateringar? OK Nei, takk