– Det var god bingo!

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

Kvar haust inviterer Randøy Idrettslag til bingo på Randøy Grendahus. I år var ca. 130 deltakarar med på ståbingo, sittebingo og vanleg bingo.

– All skryt til Randøy Idrettslag, som held liv i gamle tradisjonar. Det er kjekt at dei held på! Eit såpass stort frammøte, frå heile kommunen, viser at det har noko føre seg, seier Ottar Bjørkeland, som hadde tatt turen frå Hetlandsbygda for å vera med på årets bingo.

Bjørkeland meiner at Randøy Idrettslag har valt ein fin måte å få inn pengar til drift av laget. For i tillegg til å bidra til mykje aktivitet gjennom heile året, har sjølve bingo-arrangementet òg blitt ein viktig møteplass.

– Me lever i ei tid der me nesten ikkje kan gå på besøk til naboen utan å bli invitert, men her kjem me saman med andre og får vera sosiale. Alle har godt av å ha noko sosialt å gå på i kvardagen, for når folk berre sit åleine, blir dei triste og leie til slutt, meiner Ottar Bjørkeland.

Sjølv om det ikkje blei nokre premiar på bordet som Bjørkeland sat ved, er han godt fornøgd med kvelden.

FLUST MED PREMIAR: Leiar i Randøy Idrettslag, Arne E. Sandanger, set dei siste premiane på plass på gåvebordet. Idrettslaget får så mykje støtte frå det lokale næringslivet, at dei kan dela ut tre–fire gevinstar kvar gong nokon vinn ein bingo-runde. (Foto: Morten Hetland)

Det lokale næringslivet har i år sponsa idrettslaget med ca. 50 premiar, og toppgevinsten var eit gåvekort på 3.333 kroner til å handla varer på Randøy Handel, sponsa av Randøy Handel.

Den årlege bingokvelden gjev vanlegvis ei nettoinntekt på ca. 25.000 kroner til drifta av det lokale idrettslaget.

– Nå har me ca. 65 medlemmer i Randøy Idrettslag. Tidlegare var trening for ungane den viktigaste aktiviteten vår, men nå er det diverre for få ungar igjen på Randøy. Kvar veke inviterer me til volleyball-, badminton- og styrketrening for ungdomsskulealder og oppover, seier Arne E. Sandanger, leiar i Randøy Idrettslag.

BINGOBRETT-SELJAR: Jon Erling Time Lundberg er styremedlem i Randøy Idrettslag, og bidrog mellom anna med sal av bingobrett. (Foto: Morten Hetland)

I tillegg til dei faste aktivitetane, har idrettslaget ansvar for fem turpostar, der dei har lagt ut turbøker. I løpet av året har dei tre store arrangement: Bingo, Randøyrittet og Randøyrunden. Randøyrittet har blitt arrangert 19 gonger, og er dermed sannsynlegvis det eldste sykkelrittet i Ryfylke.

– For fem år sidan begynte me å arrangera Randøyrunden, for dei som synest det blir for lett å sykla rundt Randøy. Då får deltakarane springa rundt øya, og legg bak seg 15 kilometer med oppover- og nedoverbakkar, fortel Sandanger.

Del:

Facebook
E-post
Print
AKTUELT

Andre saker

Lokalbank på stø kurs

Hjelmeland Sparebank viser stadig til gode resultat, og held samstundes fram arbeidet med å vera ein viktig bidragsytar i nærmiljøet.

Segnomsuste Tverrgjøvle

Me er heldigvis rikt velsigna med flotte og interessante turmål i vår del av landet. Når ein får spørsmål om å velja seg ein tur, ja, så er utvalet stort.

lys-vaken-i-ardal-kyrkje_foto_morten-hetland-3

Lys vakne i Årdal kyrkje

Fredag kveld var det full aktivitet i Årdal kyrkje, då 18 femteklassingar deltok på «Lys våken»; eit arrangement som markerer starten på adventstida.

– Me må gjera ein innsats sjølv

Familien Hauge trivst godt på garden deira i Hetlandsbygda. Her har ungane stor boltreplass, og foreldra har laga seg arbeidsplassar av interessene sine.

Spesialitet-merket tildelt Mikals Laks

Under den internasjonale mat- og reiselivsmessa Grüne Woche i Berlin ble Spesialitet-merket for unik smak tildelt lakserøykeriet Mikals Laks.

Bli varsla om oppdateringar? OK Nei, takk