Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Nå lyser julegrana på Fister

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

Julegleda var til å ta og føla på då juletreet utanfor Joker Fister blei tent i kveld. Bygdefolket møter kvart år opp til denne trivelege førjulstradisjonen, og styret i Fister Butikkdrift er fornøgde med frammøtet.

– Det er veldig kjekt å samla både ungar, nissar og korps ved butikken nå i førjulstida, så det er heilt kanon at så mange møter ein fredag ettermiddag, rett etter jobb, skule og barnehage. Nissen si oppteljing viser at me har delt ut femti godteposar, fortel Annbjørg Breiland, som er styreleiar i Fister Butikkdrift AS; aksjeselskapet som står bak drifta av Joker Fister.

TENNEKOMITÉEN: Det blei trongt om plassen då seks hender skulle samarbeida om å tenna julelysa utanfor Joker-butikken. – Det gjekk eigentleg ganske gale. Først fekk me ikkje stikkontaktane inni støpselet, men det blei veldig fine lys til slutt, smiler Trym Egeland, som måtte få hjelp av styreleiar og mor, Annbjørg Breiland, og kompisen Ignas, før lysa endeleg blei tente. (Foto: Morten Hetland)
KJEKT MED FISTER-FOLK: Frida Hauge hadde tatt turen til julegrantenninga saman med nokre av venninnene sine, og meiner at dei ikkje er for gamle til å få godtepose frå Julenissen. – Det er kjekt at det skjer på Fister, og at det er mange Fister-folk her, seier Frida Hauge. (Foto: Morten Hetland)
PUSTAR LETTA UT: Espen Syversen Liahagen (nærast) spelte 3–4 julesongar saman med resten av Fister Brass, og er fornøgd med at det var mildare i vêret i år enn i fjor. I midten står Ester K. Dreggevik, og lengst bak står Jorun Alvær Hauge. Fister Brass består av ca. ti musikarar, og denne kvelden bidrog åtte av dei i samband med julegrantenninga. (Foto: Morten Hetland)
GRØN OG ROSA SLIKKEPINNE: – Me stiller opp kvart år. Det er ein veldig kjekk tradisjon, og eit koseleg arrangement, der me treff mange kjekke folk, seier Solgunn Landro Asprusten. Dottera Silje er kjempefornøgd med at det var ein grøn slikkepinne oppi godteposen hennar, medan litlebror Vegard fekk ein rosa slikkepinne. (Foto: Morten Hetland)
TRILLEBÅRE-SKYSS: Grunna manglande skiføre på Fister denne fredagskvelden, blei Julenissen frakta vekk i trillebåre. (Foto: Morten Hetland)

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print
Bli varsla om oppdateringar? OK Nei, takk