Hjelmeland Storband kunne by på heile 14 stemningsfulle julesongar, då dei inviterte til julekonsert på Hjelmeland Samfunnshus i kveld.
Dei fleste songane på settlista var amerikanske svisker – som «White Christmas» og «It’s Beginning to Look a Lot Like Christmas».
Hjelmeland Storband og Hjelmeland Teater begynte å planlegga konserten like før sommaren, og bandleiar Anders Smith er godt fornøgd med resultatet.
– Dette var kjekt! Tenk å bortimot fylla Samfunnshuset på ein torsdag før jul, seier Smith til Mitt Hjelmeland, etter at tonane frå kveldens siste julesong har lagt seg.
I tillegg til dei mange amerikanske julesongane, spelte Storbandet «Vil du være med så heng på» og «Spikke-sage-lime-banke», då Barneteateret til Hjelmeland Teater viste eit utdrag frå «Putti Plutti Pott og Julenissens skjegg» midt under konserten.
Instruktør i Barneteateret, Lena Kleppa, er fornøgd med innsatsen til dei 20 ungane som stod på scenen. Barneteateret har berre hatt åtte øvingar før det braka laus, og Kleppa er imponert over kva ungane har fått til på såpass kort tid.
– Ungane klarte seg bra! Det var kjekt å sjå kor godt dei takla å stå på scena med så mange i salen. Ei slik oppsetting krev ein del av både ungane og oss vaksne, og då er det veldig kjekt å sjå korleis dei kosar seg på scena. I tillegg betyr det mykje at foreldra melder tilbake om at ungane deira synest det er kjekt å vera med i Barneteateret, fortel Kleppa.
Bandleiar Anders Smith ynskjer å retta ei stor takk til ungane i Barneteateret, til dei svært dyktige musikarane i Storbandet, til teknikarane og til publikum, som gjorde dette til ein flott kveld.
– Og Torill, då! Makan til sjarmerande dame, legg Smith til, og viser til Torill M. Seljeskog, som debuterte som programleiar for Hjelmeland Storband denne kvelden.
– Det var ein veldig kjekk kveld, med strålande musikk, fantastiske ungar og eit flott publikum, seier Seljeskog.
Sjølv om publikum ikkje kunne merka det, kan Seljeskog røpa at ho var veldig spent på førehand, og at ho var usikker på om denne «jobben» var noko for ho.
– Men gode samtalar, med spesielt Roger Sjursen og Anders Smith, gjorde at eg følte meg tryggare. Og spesielt det at dei minna meg på at eg berre skulle vera meg sjølv, og at fokuset var at me skulle ha det kjekt. Og det hadde me! Eg såg berre smilande ansikt, frå begynnelse til slutt, konkluderer Seljeskog.
Torsdag 5. desember spelar Hjelmeland Storband julekonsert på Gamle Dalen Kraftstasjon på Jørpeland.