– Mikal gløymde å fortelja kva tid det skulle begynna, så dei første gjestene kom i ni-tida om morgonen. Det har stort sett vore trøkk heile dagen, og det er kjekt at så mange har tatt turen i dag, fortel Astrid Fossaa Viga, som har drive fram familiebedrifta saman med Mikal.
Etter ei illsint telefonoppringing frå ein misfornøgd kunde for over 25 år sidan, bestemte Mikal O. Viga seg for å satsa for fullt på røykelaks. Hobbyen var ikkje lenger ein hobby, og Mikal var overbevist om at det måtte gå an å laga betre røykelaks enn den som allereie var på marknaden. Dette blei starten på Mikals Laks, slik me kjenner bedrifta i dag.
– Me tek vare på røtene våre. Alle produkta er laga etter tradisjonsrike oppskrifter, men i moderne innpakking med mindre salt, forklarte røykerimeister Mikal O. Viga til Mitt Hjelmeland for 10 år sidan.
→ Les heile artikkelen om Mikals Laks si historie

Dei tradisjonsrike oppskriftene, og fokuset på kvalitet og ekte vare, har verkeleg slått an blant kundane. 25 år etter oppstarten er veggane i fabrikkutsalet på Jøsneset pynta med ei rekke prisar og utmerkingar for kvaliteten på produkta deira – varmrøykt laks, kaldrøykt laks, gravlaks og røykt aure – og sjølvsagt den gjeve Hjelmelandsprisen for 2014.

Det store frammøtet i samband med 25-årsfesten denne veka, vitnar òg om at Mikals Laks har ein plass i hjarta til lokale innbyggjarar og fritidsbuande.

Nå er det Maren Fossaa Viga, dottera til Astrid og Mikal, som har overtatt som dagleg leiar i familiebedrifta. Ho hadde full sjau med å fylla på med røykelaks i kjøleskapet i fabrikkutsalet, før ho måtte stilla seg opp bak kassen og ekspedera kundane som ville ha med seg éin eller fleire pakkar med røykelaks heim.







