Då Florian Harbort skulle stilla ut kunsten sin i Noreg for første gong, blei det i Spinneriet på Hjelmeland. Søstera hans er busett på Hjelmeland, og styremedlem i Hjelmeland Kunstlag, så difor blei han invitert nettopp hit for å ha utstilling og målekurs.

– Eg er veldig takksam for invitasjonen. Aldri før har eg stilt ut i eit så fint lokale. Eg elskar denne atmosfæren. Og veggane. Og bjelkane. Kunsten min blir løfta fram av dette rommet. Det er heilt fantastisk, seier Harbort om utstillingslokala i første etasje i Spinneriet.
Styreleiar i Hjelmeland Kunstlag, Åsmund Sigmundstad, fortel at utstillinga allereie har vore godt besøkt, og minnar om at siste sjanse til å få med seg utstillinga blir laurdag 3. mai klokka 14:00–18:00.
– Me er fornøgde med at Florian stiller ut både skulpturar og måleri, for då får me fylt opp rommet, seier Åsmund Sigmundstad.

Florian Harbort er opphavleg frå Tyskland, men har vore busett på Ingarö, i skjergarden utanfor Stockholm, dei siste seksten åra. Hovudverksemda er å laga skulpturar, mellom anna av harde treslag som eik, kirsebær, epletre, gullregn, bøk, plommetre og rogn.
– Eg vil framheva sjølve treet, med den unike overflata og synlege årringar, men eg vil òg spreia glede med kunsten min. Eg likar å laga morosame skulpturar, som for eksempel ein elefant med veldig lange bein, denne mannen med kuken, denne butleren – den er òg litt morosam – eller denne elefantkvinna med fire bryst. Det er ikkje slik at folk skal le, men eg vil laga morosame ting som ein blir glad av, forklarer Harbort til Mitt Hjelmeland.

– Men når det er kaldt ute, driv eg òg med måling, smiler Harbort.
Fleire av måleria hans heng på steinveggane i Spinneriet, og rundt omkring i rommet står treskulpturane hans, medan ungdommane sit i djup konsentrasjon over kvar sine måleri.

– Når eg held kurs, vil eg at deltakarane skal ha fridom til å uttrykka sin eigen kreativitet. Me startar gjerne med litt teknikk, mellom anna skuggelegging og korleis ein kan laga tredimensjonale figurar, men bakgrunnen kan dei laga akkurat som dei sjølv vil. Det er jo kunst, så ein må kunna bruka kreativiteten sin og la den få koma ut, fortel Harbort.
