Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Frivilligheita – hjarta i Hjelmeland

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

5. desember er FN sin internasjonale dag for frivilligheit. I dag passar det godt å takka dei som gjev av si eiga tid for å legga til rette for møteplassar, aktivitetar og fellesskap.

Denne kommentarartikkelen gjev uttrykk for forfattaren si meining.

Eg har sagt det før, og kan gjerne gjenta det: «Vil me ha noko gjort i Hjelmeland, så må me gjera det sjølv.» Og svært ofte er det frivilligheit som må til for å realisera nye prosjekt, arrangement eller møteplassar.

I Hjelmeland er frivilligheita ikkje berre viktig, men heilt avgjerande for trivselen i lokalsamfunnet.

IDENTITET OG FELLESSKAP

Foreningsportalen viser at det er 106 registrerte lag og organisasjonar i Hjelmeland, som samla har over 2.800 medlemmar. Mengda og mangfaldet av lag og organisasjonar vitnar om eit levande frivillig kulturliv, frå idrett og kultur til trus- og livssynsorganisasjonar.

Desse laga skaper ikkje berre aktivitetar; dei bidreg sterkt til tilhøyrsle og identitet. Ved hjelp av frivillige lag får me møteplassar der folk kan utvikla seg, knyta band og byggja ei sterkare tilknyting til kvarandre og kommunen vår. Frivilligheita er sjølve ryggrada som held lokalsamfunnet saman.

UNGE DELTEK I ORGANISERT FRITID

Særleg blant ungdommane i Hjelmeland er engasjementet imponerande. Nesten 80 prosent av dei unge i Hjelmeland er med i eit lag, ein organisasjon eller ein klubb – langt over landsgjennomsnittet på 59 prosent. Hjelmeland merkar seg òg ut som den kommunen i fylket der størst andel av ungdommane deltek i organiserte fritidsaktivitetar.

Gjennom deltaking i idrettslag, speidargrupper, hjelpekorps, amatørteater, skyttarlag, 4H, ungdomsklubbar og mykje meir, får ungdommane oppleva meistring, læra samarbeid og byggja relasjonar som kan vara livet ut.

Det er enormt mykje førebyggjande arbeid i frivillige lag. Dei frivillige laga byr på andre meistringsarenaer enn skulen, og i tillegg knyter ein ofte band på tvers av klassetrinn og generasjonar i dei frivillige aktivitetane. At ungdommane prioriterer å delta i organiserte fritidsaktivitetar, vitnar om at lokalsamfunnet har greidd å leggja til rette for inkluderande og mangfaldige fritidstilbod.

TAKK TIL DEI FRIVILLIGE!

I samband med FN sin internasjonale dag for frivilligheit må me ta oss tid til å takka alle dei frivillige rundt omkring i bygdene våre. Det er dei som stiller opp kveld etter kveld, som ryddar tid i ein travel kvardag, og som bidrar til at andre får oppleva meistring og møteplassar som dei vil hugsa vidare i livet.

Frivilligheit handlar ikkje berre om å gjera ein innsats, men òg om å skapa noko større enn seg sjølv. Det «frivillige» Hjelmeland er eit forbilde på korleis eit lokalsamfunn kan byggjast nedanfrå og opp. Og dette bør me feira og setja pris på – ikkje berre i dag, men kvar dag resten av året òg.

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print
Bli varsla om oppdateringar? OK Nei, takk