Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

– Koselegare enn å strikka åleine

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

Spødakaféen på Samfunnshuset er eit kjærkome avbrekk i kvardagen: – Det er mykje koselegare å møta andre, og jabba og strikka her, enn å sitja heime i kvar våre stover og strikka åleine, seier Siri Hytland.

– Kva strikkar du?

– Vottar. 

– Eg trudde du nettopp la opp til den der. 

– Det går unna, veit du. Eg skal senda dei på torsdag, så eg må ha tid til å tova òg.

DRØS: Det er god stemning, og drøset går lett rundt bordet. Frå venstre: Gunn Hausken, Siv Iren Moen Hausken, Kari Synnøve Vårvik og Torunn Munthe. (Foto: Morten Hetland)

Det er tysdag kveld og god stemning på Hjelmeland Samfunnshus. I foajéen sit ni vaksne damer med kvart sitt handarbeid, og drøset går om lokalpolitikk, barnebarn, matoppskrifter, ommøblering, juleførebuingar, og sjølvsagt nokre tips om handarbeid.

– Du skulle berre visst om alle verdensproblem me løyser her…, utbryt Torunn Munthe.

– … for eksempel korleis ein blir kvitt restegarnet, legg Gunn Hausken til, og latteren rungar i rommet.

HEKLETØY, STRIKKETØY OG SNAKKETØY: På Spødakaféen kan ein ta med seg både hekletøy og strikketøy, men det går òg an å vera med berre for å treffa og snakka med andre. (Foto: Morten Hetland)

Gunn Hausken, Tone Kristin L. Munthe og Siv Iren Moen Hausken har det siste året invitert til Spødakaféen på Samfunnshuset éin tysdag i månaden. Frå og med januar 2025 aukar dei frekvensen til annankvar tysdag, og dei har god plass til fleire.

RØYNDE FINGRAR: Wenche Eikevik har ikkje tal på kor mange par med sokkar ho har strikka. (Foto: Morten Hetland)

– Ein må ikkje kunna strikka for å vera med, seier Tone Kristin.

– Det går an å hekla òg, seier Gunn, som er i god gang med å hekla eit babyteppe.

– Ein treng faktisk ikkje kunna handarbeid i det heile tatt. Alle er velkomne, viss dei vil vera med, konkluderer Tone Kristin.

FINLANDSHETTE: Súsanna Poulsen synest at strikketøyet til Tone Kristin L. Munthe liknar på ei finlandshette. – Nei, det er til hunden, Akira, forsikrar Tone Kristin. (Foto: Morten Hetland)

I Facebook-gruppa Spødakafé er det heile 45 medlemmer, men vanlegvis er dei berre 12–15 som samlast om gongen.

– Sist gong inviterte Tanja Øvrum Kvame oss til omvising på RySpinn. Då var me ca. 20 rundt bordet, seier Gunn.

Damene rundt bordet i foajéen på Samfunnshuset er einige om at vaksne òg treng uformelle møteplassar. Derfor vil dei frå og med neste år møtast annankvar tysdag; dobbelt så ofte som i år.

– Spødakaféen er ein god anledning til å treffa nye folk, seier Torunn Munthe, og dei andre nikkar bekreftande.

PLASS TIL FLEIRE: Damene rundt bordet har plass til alle som vil vera med. – Det er mykje koselegare å strikka her, meiner Siri Hytland (i midten, med ryggen til). (Foto: Morten Hetland)

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print
Bli varsla om oppdateringar? OK Nei, takk