Idéen var enkel: Eit magasin for folk og bedrifter i Hjelmeland kommune. Visjonen var 100 % Hjelmeland, og det har me sanneleg greidd å halda: Alle annonsørane, alle skribentane og alle me har skrive om har nær eller fjernare tilknyting til Hjelmeland.
Litt surt var sjølvsagt då magasinet Mitt Ryfylke, med liknande namn og tilsvarande konsept, kom ramlande ned i postkassane i distriktet berre nokre veker etter vårt første blad. Meir enn éin gong har redaktøren vår klødd seg i hovudet av at Mitt Ryfylke publiserte reportasjar som me helst ville vera først med. Når me no legg inn årene, ynskjer me sjølvsagt Mitt Ryfylke lukka til vidare.
Me har fått med oss mange minnerike opplevingar, som å kjøra land og strand rundt for å distribuera magasinet i kvar krik og krok i kommunen. Me har fått eit spanande innblikk i kvardagen i ulike bedrifter i Hjelmeland, og me har kome litt tettare innpå folket som bur her.
Takk til alle som ville snakka med oss!
Det har vore utfordrande å kombinera full jobb og/eller studier med å skriva, fotografera, illustrera og utforma Mitt Hjelmeland, men me har gjort det for deg som lesar, og ikkje minst fordi det har vore eit spanande og lærerikt prosjekt for oss fem har stått bak «to the bitter end».