Hovudinnslaget på Hjelmeland Sogelag sitt julemøte i kveld, var eit innhaldsrikt føredrag med geolog Fridtjof Riis, mannen som står bak oppdaginga av Ritlandskrateret.
Ritlandskrateret er eitt av få meteorittkrater på jorda, og er unikt i geologisk samanheng.
Riis fortalde om det spektakulære meteorittnedslaget som skjedde for 520 millionar år sidan, og om korleis dette skapte eit 2,4 kilometer breitt krater i Vormedalsheia.
– Krateret blei danna av ei sjokkhending som skjedde i løpet av to minutt, og som endra landskapet og livet der dramatisk for tida som kom etterpå, sa Riis til dei 28 frammøtte i Spinneriet.
Riis fortalde òg om korleis han sjølv var med på å påvisa og bevisa krateret etter fleire år med undersøkingar.
I tillegg til arbeidet som geolog, er Riis interessert i botanikk.
– Det er mange interessante plantar i Ritlandskrateret, mellom anna norsk malurt og skredmjelt, som er svært sjeldne. Norsk malurt fann eg i ei ur som eg ikkje kan tenka meg at nokon andre har gått i, for slikt er det berre geologar som gjer. Og i Noreg veks det skredmjelt berre i Hjelmeland, forklarte Riis, som synest det er interessant å spørja seg kvifor både skredmjelt og norsk malurt slo rot i akkurat Ritlandskrateret ein gong etter den siste istida.
Leiar i Hjelmeland Sogelag, Olav E. Skjervik, er fornøgd med arrangementet.
– Riis har sjølv hatt lyst til å koma tilbake til Hjelmeland, for å fortelja meir om Ritlandskrateret, så då inviterte me han til å halda eit føredrag i samband med julemøtet vårt, seier Olav E. Skjervik, leiar i Hjelmeland Sogelag.
Dei frammøte fekk òg servert julegraut og spekemat, og kvelden blei avslutta med spørjekonkurranse ved Arne Kleppa.