Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Utanomjordiske spor i landskapet

Picture of Geir Magne Staurland

Geir Magne Staurland

For 520 millionar år sidan small ein gedigen meteoritt rett ned i Vormedalsheia. Samanstøytet kan ein framleis sjå spor etter i dag. Me kallar det for Ritlandskrateret.

For mange hundre millionar år sidan suste eit flygande fjell ned frå himmelen, over breie og vakre Hjelmeland. Meteoritten, som var 100-150 meter i diameter, tok seg ikkje bryet med å bremsa. I staden for, krasja den omsynslaust rett ned i bakken, meir spesifikt på Ritland i Vormedalsheia.

Det var ingen der som kunne måla farten, men dei som kan det, meiner at den hadde ein fart på 72.000 kilometer i timen. Meteoritten kunne med andre ord kjøra rundt jorda ved ekvator heile to gonger i løpet av éin time. Me kan altså tolka det slik: Det gjekk ikkje umerka hen då meteoritten fekk bakkekontakt.

GAPAHUK: Hjelmeland kommune har satsa på Ritlandskrateret som eitt av mange interessante reisemål i kommunen. (Foto: Eldfinn Austigard)

Krasjet var så kraftig at det bora 400 meter ned i bakken og skapte eit 2,4 kilometer breidt krater. Vatn, steinblokker, støv, sand og alt anna blei kasta i hytt og pine rundt i heile Vormedalsheia, der geologane den dag i dag kan bevisa den fire kilometer lange ferda til enkelte gjenstandar.

Bølgjene kan ein heller ikkje førestilla seg. For dette var lenge sidan, ein må ikkje tru at det var tilskodarar til stades. På denne tida var Ritland, eller eigentleg heile jorda nord for ekvator, berre hav. Dagens Hjelmeland kommune låg under havet. Noreg låg under havet. Fiskane eksisterte framleis ikkje. Berre krepsdyr og svamp-liknande sjøskapningar fekk seg eit realt sjokk då meteoritten kom dalane, og skapte ein enorm eksplosjon som var over på eitt minutt.

OPPDAGINGA

– Når ein finn noko slikt, er det klart at livet tek ei litt anna vending, seier Fridtjof Riis, mannen som har fått æra for å oppdaga meteorittkrateret i kommunen vår.

Nedslaget skjedde for 520 millionar år sidan, men det var ikkje før i 1985 ein klok mann oppdaga at strukturane på Ritland ikkje var av det vanlege slaget.

GEOLOG: Fridtjof Riis har fått æra av å oppdaga Ritlandskrateret. (Foto: Morten Hetland)

Fridtjof Riis var geologen som først la merke til det verkeleg snåle i Vormedalsheia, saman med ein gjeng andre geologar. Dei drog først og fremst opp i heia for å sjekka fossila som var blitt oppdaga ein gong på 1950-talet, men fekk seg eit par andre tankar på hjernen på veg heimover. Bergartane var til stor undring, det var nemleg ikkje alt som stemde heilt. Geologien sine lærdommar om erosjon og fjellkjededanning gav ikkje noko svar. Det var noko anna. Noko frå ein annan plass. 

Fridtjof lét sjølvsagt ikkje spørsmålet stå ope. Han besøkte staden fleire gonger, både åleine, med familien og som turleiar. Han likte seg godt i den flotte naturen, men det var utvilsamt noko anna som dreiv geologen endå hyppigare på tur i Ryfylke: Kratermysteriet.

– Det var ein rein fritidsaktivitet for meg. Dette var på 1990-talet, og på den tida var det gjort mykje arbeid på to andre krater innanfor Noregs grenser. Idéen om meteorittkrater i den norske fjellheimen var ikkje lenger så fjern som den ein gong var.

LANGHELG MED KONGLOMERATA

I 2001 fann Fridtjof tid til ei langhelg med planar om å kartleggja nøyaktig kor alle konglomerata – som dei blir kalla – låg. Då skjønte han det endeleg, då såg han det: Det var eit krater! Men kva slags? Det var han framleis usikker på.

– Eg såg tydeleg på det geologiske kartet at Ritland-strukturen var eit krater, men det finst fleire typar krater, eg kunne ikkje vera sikker på at det var eit meteorittkrater heilt endå, men eg rekna det som svært truleg, fortel han.

Etter kvart kunne det strekast opp parallellar mellom Ritlandskrateret og eit anna krater i Noreg – Gardnoskrateret i Hallingdal – krateret som er kjent for å vera det første nedslagskrateret i Noreg.

Sju år seinare kunne geologane rekna det som sikkert at Ritlandskrateret òg blei danna av eit meteorittnedslag. Saman med Henning Dypvik frå Universitetet i Oslo, drog Fridtjof fram mikroskopet for å ta ein steinprøve. Prøven gav resultat: Geologane blei sikre i si sak.

TERRENGMODELL: Ritlandskrateret ligg i Vormedalsheia. Denne terrengmodellen viser kraterstrukturen svært tydeleg. (Illustrasjon: Fridtjof Riis/Universitetet i Oslo)

METEORITT GAV VARIGE MEIN

Tenk at eitt av dei 179 meteorittkratera på jorda ligg i midt i Hjelmeland. I dag kan me observera krateret med våre eigne auger. Følg skiltinga frå Hjelmeland, så kan ein enkelt manøvrera på hjul innover vegane i tjukkaste Vormedalen, til ein omsider kjem fram til parkeringsplassen på Kleivaland. Derifrå er det berre 35-40 minuttars spasertur, før ein kjem til det slåande landskapet, der det utanomjordiske sette varige mein for lenge, lenge sidan, då Hjelmeland ikkje var anna enn ein aldri så liten drope i eitt verdsomspennande, tropisk hav.

Det er mange krater i verdsrommet. På Månen florerer det av dei, på Mars òg, men på jordkloten, Tellus, er dei sjeldne. Dei fleste treff jorda i djupe havområde, og blir viska vekk av vatn og vind, men dette blei aldri tilfelle med Ritlandskrateret. Det gjer området spesielt, det at det er så godt bevart.

– I Ritlandskrateret kan ein gå og sjå godt bevarte, samanhengande snitt i botn og langs veggane i krateret, vidare gjennom kratervollen og i steinmaterialet som blei sprengt under nedslaget, fortel konglomeratkongen og kraterkuratoren Fridtjof Riis, mannen som fekk tildelt Hjelmelandsprisen 2011 for sin innsats oppi heia.

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print
Bli varsla om oppdateringar? OK Nei, takk