Mitt Hjelmeland har fått vera med Liv Reidun Brakstad på jobb i storbyen New York i USA, men Liv Reidun har langt frå nokon vanleg jobb. Ein må vera rimeleg klårtenkt og lite fordømmande for å forstå kva ho driv med.
Midt mellom travle menneske står og går ho – kledd i krittkvite klede med oransje skinnhanskar på hendene – medan ho ber på ein bandasjert jordklode-badeball.
Dei forsiktige handlingane trer tydeleg fram for dei som stoppar opp, og kanskje smittar bileta òg over på dei som berre fangar ho i augnekroken før dei målretta hastar vidare. Dette er arbeidskvardagen for den 69-år gamle dama, som no har drive med performancekunst i tjue år.
Performance er ei kunstform som handlar om å skapa bilete av menneske og andre fysiske objekt. Liv Reidun fann fort ut at bodskapane hennar nådde lenger ut i verda med performancekunst enn med biletkunst.
– Ein performance startar med at eg får ein idé, og bruker idéen til å finna ut kva eg treng for å skapa biletet. Dersom eg samarbeider med nokon kan me gjerne arbeida vidare med idéen, men svært ofte er det eg som har regien på heile performancenummeret. Biletet blir ikkje skapt før alt er på plass, og varigheita av ein performance kan vera alt frå to sekund til mange timar, seier Liv Reidun.
No er Liv Reidun aktuell med «The Globe 2», som altså er namnet på performancen der ho ber ei bandasjert jordklode over hovudet.
– Jordkloda vår treng hjelp. Klima, økonomi og fattigdomsproblematikk er berre noko av ubalansen som verda vår er i. Eg ynskjer at folk skal forstå at grådigheit har ført til eit skifte, der den vestlege verda sin manglande moral tek knekken på jorda vår. Ved hjelp av ytre objekt kan eg kommunisera dette til omverda, forklarer Liv Reidun.
I løpet av dei siste tjue åra har Liv Reidun gjort om lag 130 performancenummer i Noreg, Amerika, Istanbul, India, Seychellene, Roma, Firenze, Vatikanstaten og Tenerife, og dessutan gav ho for nokre år sidan ut boka «Hvem lager mønstret på Makrellen», som inneheld bilete og oppskrifter til 55 forskjellige performancenummer.
– Korleis reagerer publikum på performancenummera dine?
– Tilskodarane reagerer på mange slags måtar. Somme blir glade og assosierer med seg sjølv, somme blir sinte og andre kjenner seg lurte. Under eit arbeid kan eg oppleva alt frå glede til sinne og frustrasjon, fortel Liv Reidun, som trivst godt med denne kunstforma.
– Alt eg ser er bilete, noko som gjer at eg lever og tenkjer på ein annan måte enn mange andre. Ved å driva med performance skaper eg eit utruleg spanande innhald i livet mitt, noko som har gjeve meg svært mange morosame opplevingar, konkluderer Liv Reidun Brakstad.