Då Hjelmeland Turlag spurde om Tarjei Tørre Asprusten kunne vera med på å arrangera noko i samband med Friluftslivets år 2025, var han ikkje vanskeleg å be. Han inviterte like gjerne alle som ville til uformell utandørsleik og lagkonkurranse i og rundt ballbingen på Helgøy.
– Det var heilt rå innsats over heile linja, og til slutt skein sola opp, så me fekk ei strålande avslutning. Har du et vinnerlag stakk av med sigeren etter åtte konkurransar, med berre eitt poeng over andreplassen, fortel leikemeister Tarjei Tørre Asprusten til Mitt Hjelmeland.














