– Nivået har heva seg enormt sidan me starta, seier styreleiar Gunnar Breivik i Randøy Sjakk.
Randøy Sjakk såg dagens lys tidlegare i vår, og kvar onsdag samlast ein liten, men ivrig, flokk med sjakk-entusiastar i bygdastova på Randøy grendahus. Det som ein gong var mediateket på Randøy skule, har blitt ein lys og triveleg møteplass.
Deltakinga varierer frå seks til tolv spelarar, med eit aldersspenn frå fem til nesten åtti år.
– Det er kjekt at dette tilbodet kan vera for folk i alle aldrar, og ikkje berre for gamlingar, supplerer styremedlem Sissel Hoff.

Med dei svart- og kvitruta bretta som samlingspunkt, møtest folk for å bryna seg på kvarandre, læra noko nytt og ikkje minst ha det kjekt saman. Anten du er nybegynnar eller har spelt i årevis, byr Randøy Sjakk på bord og brett, brikker og klokker, motspelarar og ein god drøs – i pausane.
– Me ville skapa eit miljø der unge og gamle kunne samlast om noko som er både utfordrande, lærerikt og kjekt, forklarer Breivik, og legg til at han og resten av styret er svært fornøgde med rekrutteringa av barn og unge til laget.

Satsinga på dei unge har allereie bore frukter: Klubben deltok nyleg på ei turnering i regi av Sandnes Sjakklubb, der 13 år gamle Oskar Breivik Bönecke fekk delta, sjølv om han er mindreårig og Randøy Sjakk førebels ikkje er organisert i Norges Sjakkforbund.
– Eg blei nummer 16 av 32, smiler Oskar fornøgd.
– Det må vel vera bra, spør den uvitande utsende frå Mitt Hjelmeland.
– Bra, ja! Det er kjempebra, utbryt styreleiar Breivik, som òg er Oskar sin bestefar.

Det er tydeleg at Gunnar Breivik har eit stort engasjement for å tilby både barnebarnet, og alle andre som ynskjer det, eit meiningsfylt fritidstilbod i Randøy Sjakk.
Klubben har allereie fått 25.000 kroner i kulturstøtte frå Hjelmeland kommune, som dei har brukt til å kjøpa inn sjakkbrett, klokker og nødvendig datautstyr.
– Klubben har òg investert i instruksjonsmateriell og opplæringsbrett, og eg har invitert meg inn på ungdomsskulen for å undervisa dei som vil læra seg reglane i sjakk, forklarer Breivik.

Sjølv om laget berre har eksistert eitt snautt halvår, er medlemmene i klubben aktive både innanfor og utanfor kommunegrensene: I vår var stilte nokre av medlemmene som vakter under prestisjetunge Norway Chess, og i haust planlegg dei å delta i ei turnering i Tysvær. I løpet av september ventar dei storfint besøk frå Norges Sjakkforbund.
Styreleiar Gunnar Breivik meiner at sjakk kan vera både eit tillegg til og eit betre fritidstilbod for barn og unge, enn alt som føregår digitalt. I tillegg trekk han fram at kveldens simultansjakk og turnering viser at medlemmene, trass i eit stort aldersspenn, er nokså jamngode.
– I dag har me bevist at alle kan slå alle. Me er på eit veldig likt nivå, og det er stort sett berre dagsforma som avgjer kven som stikk av med sigeren, meiner Breivik.
– Me vaksne har i alle fall ein sjanse i vanleg sjakk, men dei unge slår oss i lynsjakk. Dei tenker jo dobbelt så fort som oss, konkluderer styremedlem Øyvind Førre.






