Det kreative og litt kryptiske namnet FuruQuizten, betyr eigentleg berre kviss – eller quiz – på Furutangen.
Og Furutangen er namnet på leirstaden som Terje Tobiassen har drive saman med kona Tove-Rudi sidan april 2023.
– Eg hadde lyst til å samla hjelmelandsfolk på ein annan måte enn det som er tradisjonelt på Furutangen, seier Terje, og siktar til at leirstaden er tilslutta Det Norske Misjonsselskap.
Som sagt, så gjort.

Han ringde til sambygding Roger Sjursen, som sjølv flytta til Randøy då han og kona overtok som styrarar på Furutangen for snart ein mannsalder sidan.
– Skal me laga ein kviss, eller noko, spurde Terje.
Dei to blei samde om å gjera det veldig enkelt og uformelt.
– Og så sette me berre i gang, seier Roger.

Idéen om å samla folk til noko uformelt, samlar nå 12–15 personar til kvissing på Furutangen éin gong i månaden.
Kvar kviss-kveld startar med ein innleiande runde, i form av «fleip eller fakta»-spørsmål, og deretter konkurrerer laga om å svara rett på flest spørsmål i løpet av to omgangar.

Spørsmåla spenner frå det heilt enkle – som Kva er det største pattedyret på jorda? (blåkvalen) – til det nesten håplause – som Kva er Jason Michael Robinson Diakité betre kjent som? (Timbuktu).
– Det må vera lett nok til at det er kjekt, og vanskeleg nok til at me greier å skilja vinnar frå tapar, meiner Roger.

Terje og Roger trivst både med å førebu spørsmåla, og i rolla som vertskap på kviss-kveldane.
– Me er alltid veldig tidleg ute med å laga spørsmåla, seier Roger tørt.
– Heh… Ja, i kjent stil, humrar Terje.
– Kvelden før eller same dag?
– Kvelden før, kanskje, ja. Det blir i hovudsak det, konstaterer kviss-vertane.

Deltakarane samlar poeng gjennom hausten, og totalsummen blir delt på talet på gonger ein har vore med. Dermed har alle like stor sjansar til å vinna samanlagt.
– Me har det kjekt, slår Roger fast.
– Ja, me har det kjempegøy, stadfestar Terje.
Dei to neste FuruQuizten blir arrangert måndagane 13. oktober og 1. desember, klokka 19:00 begge kveldane.






