Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

– Alt eg gjer har eit politisk bodskap

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

Performance-kunstnar Liv Reidun Brakstad kom nyleg heim frå Marrakech, der ho retta fokus på det viktigaste av alt: Barna, naturen og ei framtid utan våpen.

– Eg meiner at alt dette heng saman; det å ta vare på ungane våre og verda deira, og å sørga for at atomvåpen blir forbode, fastslår Liv Reidun Brakstad.

Performance er ei kunstform som handlar om å skapa bilete av menneske og andre fysiske objekt. Liv Reidun starta med performance i 1993, og ho fann fort ut at bodskapen hennar nådde lenger ut i verda med performancekunst enn med tradisjonell biletkunst.

– Alt eg gjer har eit politisk bodskap. Det er ei meining og ein heilskap i alt eg gjer: Det handlar om å bry seg, å skapa medvit og å få folk til å forstå at me må ta vare på kvarandre og verda vår, understrekar ho.

I Marrakech framførte ho performancen «Barn/Children», saman med venninne og kollega Anneli B. Madsen. I tre dagar bar dei kvar sine dokker, sveipa i heimestrikka ullteppe, rundt i gatene i byen.

BESKYTTELSE: Liv Reidun Brakstad og Anneli B. Madsen beskyttar dokkene som dei ber på, medan forbipasserande som stoppar opp legg sine beskyttande hender over skuldrene til dei to eldre kvinnene.

Dokkene skulle symbolisera sårbarheita og hjelpeløysa til barna i Palestina, og alle andre stader i verda, der barn må lida på grunn av vaksne sine krigar og grådigheit.

– Lokalbefolkninga behandla dokkene som om dei var levande. Dei såg dokkene i augene, hipsa på dei, klaup dei i kinna, kyssa dei og gav dei både mandarin, sukkertøy og perlehalskjede, fortel Liv Reidun, som blei overvelda og rørt av all godheit og nærleik som ho blei møtt med.

KYSS: Liv Reidun fortel at marokkanarane behandla dokkene som om dei var levande barn.

Den politiske bodskapen og engasjementet frå marokkanarane løfta seg særleg då det palestinske flagget blei gitt i gåve til Liv Reidun, og deretter blei ein del av performancen.

– Sjølv om me var to eldre, kvite kvinner frå ein annan kultur, så opplevde marokkanarane at me kjempa for ungane til broderfolket deira; dei ser på palestinarane som brør. FN har verifisert at 70 prosent av dei drepne i Gaza er kvinner og barn, så for min del handlar det ikkje om å støtta den eine eller andre religionen, men om menneskeverdet, slår Liv Reidun fast.

– Me menneske er så oppfinnsame når me skal laga våpen for å drepa kvarandre. Tenk om me heller kunne brukt kreativiteten vår til å ta vare på kvarandre og verda me lever i, legg ho til.

PALESTINA: Mange marokkanarar ser på palestinarane som sitt broderfolk. Engasjementet blant lokalbefolkninga blei nærast ekstatisk etter at Liv Reidun fekk det palestinske flagget i gåve, og brukte det vidare som ein del av performancen.

For Liv Reidun handlar kunsten ikkje berre om å uttrykka seg, men om å endra noko – om å opna augene til dei som helst ikkje vil sjå. Og det er nettopp det ho gjer, ved bruk av kvite klede, dokker, atomvåpen-buttons og eit lite håp om at verda kan bli betre.

Liv Reidun er stolt av å vera politisk kunstnar, men presiserer samtidig at ho alltid har ei forsiktig tilnærming i alle arbeida sine, slik at ho ikkje blir avvist av tilskodarar som fryktar det ukjende og uvande.

– Eg knuser ikkje noko, men løfter heller fram bodskapen gjennom små ting som alle kan kjenna igjen. Det spesielle er at eg set saman objekta og folka, meg sjølv inkludert, på ein uventa måte, og dermed dannar eg alltid nye bilete, forklarer Liv Reidun.

ALVOR: Den marokkanske frisøren som fekk halda dokkene, tok oppgåva på høgaste alvor. Lokalbefolkninga i Marrakech gav dokkene gåver, mellom anna perlehalskjeda som dei er pynta med på dette biletet. (Foto: Anneli B. Madsen)

Liv Reidun er ei levande påminning om at kunst kan vera eit kraftfullt våpen i kampen for ei betre verd. Sjølv trekk ho fram reisa til Marrakech som den sterkaste opplevinga gjennom sine 31 år som performance-kunstnar.

– Nærleiken og engasjementet som lokalbefolkninga hadde, var så sterkt at ein nesten kunne ta og føla på det. Eg har reist rundt omkring i «heile verda», men aldri opplevd responsen så sterkt som i Marrakech nå, avsluttar Liv Reidun Brakstad.

GLEDE: Liv Reidun blei overvelda av nærleiken og gleda som ho blei møtt med i Marrakech. (Foto: Anneli B. Madsen)

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print
Bli varsla om oppdateringar? OK Nei, takk