Anne Spilde har hatt ansvar for å arrangera julemarknaden i Hjelmelandsvågen tre av dei fire siste åra. I år har dei 28 utstillarane fylt opp all tilgjengeleg plass, og det stod i tillegg seks utstillarar på venteliste.
– Eg synest det er kjekt å laga til koseleg førjulsstemning på Hjelmeland. Det har blitt ein triveleg møteplass, og her kjem det eit stort spenn av folk; både barnefamiliar og godt vaksne, fortel Anne Spilde, som i år har fått hjelp av Hilde Hauge til å koordinera og organisera julemarknaden.