Etter fleire år som dagleg leiar i Reisemål Ryfylke ville Hanne Sundbø prøva noko nytt. Ho jobbar mellom anna med å utvikla ulike opplevingskonsept for grupper, og allereie 15. juni opnar ho Galleri Eldhuset heime på garden Hagalid.
På midten av 1990-talet vart det falleferdige eldhuset på garden restaurert på sin opphavlege grunnmur. Berre dei sju øvste tømmerstokkane vart brukte vidare, og det vart mura ein flott peis.

– Eldhuset vart seinare berre brukt til familiesamkomer, men sist vinter fekk eg lyst til å gjera eldhuset om til eit kunstgalleri. Utstoppa dyrehovud og antikvitetar vart flytta inn i løa, og eg byrja å tilpassa eldhuset innandørs, fortel Hanne Sundbø, som har brukt våren på å gje den 24 kvadratmeter store bygningen eit ansiktsløft av dimensjonar.
På tømmerveggane heng alt frå stålskulpturar og dyrehovud, til biletkunst og hyller med flotte glas i ulike storleikar. Golvhellene og den staselege peisen er impregnert, og får ein særprega glød i lyset frå halogenlampene i taket.


Utstillinga rommar alt frå nøktern brukskunst til ein overkommeleg sum, til flotte skulpturar, relieff og unike bilete med prislapp på fleire tusen kroner.
Atmosfæren i rommet er spesiell, der ein står midt mellom kunstverk i alle prisklassar; alt frå små handblåste glasting, grafikk og fargerike skåler og koppar, til sølvsmykke, skulpturar og unike små og store bilete i den eksklusive prisklassen.
I årets sommarutstilling er det mellom anna bidrag frå dyktige kunstnarar som Lise Birkeland (biletkunst og stålskulpturar), Tove Sundt Hansen (akvarell og raku-brunne steingods), Anna Mary Bolstad (skjerf og puter), Artwear by Gro (kunsttrykk på dameklede), Fionas Sølv-smie (sølvsmykke), Anna Kristin Ferking (biletkunst), Tone Fleche (litografitrykk) og Trine Sundt (handblåste glasfigurar, amplar, flasker, skåler og glas i ulik storleik). Sistnemnde har òg laga ein eigen vinglasserie med, eitt glas for kvar kommune i Rogaland.


– Etter kvart som det kjem inn endå meir kunst, trur eg nok at det skal bli fullt med spikrar i tømmerveggane, smiler gallerist Hanne Sundbø, som gler seg til opninga.
Galleriet har ope fleire dagar i veka gjennom heile sommaren.
Oppdatering 1. juni 2022:
Hanne Sundbø har nå avslutta drifta av galleri på Hagalid.