Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

– Kanskje nokon vil betala for å sjå denne utsikta?

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

NorGlamp er klare til å ta imot gjester frå inn- og utland, som ynskjer seg eit ferieopphald utanom det vanlege. Den nedlagde revefarmen til familien Helgesen har blitt forvandla til ein spanande overnattingsstad.

Reidar og Sissel Helgesen hadde drive pelsdyrfarm i mange år, heilt fram til forbodet mot pelsdyrhald sette ein brå stoppar for drifta.

Då Helgesen-familien førebudde generasjonsskiftet på garden, måtte dei finna eit nytt levebrød. Svaret blei NorGlamp – ein unik ovenattingsstad med luksustelt, spanande minihytter og panoramautsikt over vakker Ryfylke-natur.

– Ein dag gjekk eg her oppe, og såg at det var ganske fin utsikt, og då tenkte eg: Kanskje nokon vil betala for å sjå denne utsikta? Og det har jo vist seg at det har folk lyst til, fortel Thomas Helgesen, og legg til at dei allereie har merka interesse hjå potensielle kundar, fått mange bestillingar og mange fornøgde kundar.

DRIVARAR: Natalia og Thomas Helgesen driv NorGlamp på Randøy. Her er dei i god drøs med Didrik Hægg og Jesper Ugland, som driv reiseportalen Tilbring. (Foto: Morten Hetland)
FLEIRE ALTERNATIV: Hjå NorGlamp finst det nå fem forskjellige moglegheiter for opphald og overnatting; altså noko for ein kvar smak. «Luxury Barrel» til venstre i biletet, og «Hobbit Hole» i bakgrunnen. (Foto: Morten Hetland)
SKOGSTØNNE: Soverommet i «Luxury Barrel» ligg tett på skogen. (Foto: Morten Hetland)
HOBBITHÒL: På Randøy kan du bu i «Hobbit Hole», inspirert av universet til J.R.R. Tolkien. (Foto: Morten Hetland)

Den første glamping-testen blei sett opp nede i Hetlevik, eit steinkast unna. Der fekk Thomas og foreldra prøva ut konseptet gjennom eit treårig pilotprosjekt støtta av omstillingsmidlar frå Innovasjon Norge.

– Me hadde teltet ståande nede på kaien i tre år, for å sjå om dette var noko me kunne trivast med å driva med. Og me likte det, og fann ut at me skulle satsa vidare på turisme og overnatting, fortel Thomas.

PRØVEPROSJEKT: NorGlamp opna sin første Arctic Dome for publikum i mars 2021, for å hausta erfaringar med glamorøs camping i Hetlevik. (Arkivfoto: Morten Hetland)

Etter den spede starten med luksusteltet nede på kaien, har familien Helgesen rydda vekk den nedlagde pelsdyrfarmen, skifta ut massar og vidareutvikla reiselivskonseptet. Nå består NorGlamp av to tønner, éi eksklusiv minihytte, luksusteltet frå prøveprosjektet, eitt hengetelt og fellesanlegg med badstove, badestamp, grillhytte og sanitæranlegg.

KOKONG: I skråninga nedanfor platået som resten av NorGlamp ligg på, finn du eit hengetelt mellom trea. (Foto: Morten Hetland)
FELLESANLEGG: I tillegg til telt og hytter til overnatting, har NorGlamp grillhytte, badstove og badestamp, samt felles sanitæranlegg. (Foto: Morten Hetland)
GRILLHYTTE: Den romslege grillhytta har plass til heile gjengen, familien eller andre som ein vil reisa på tur til Randøy med. (Foto: Morten Hetland)

Reiselivssatsinga har fått støtte frå både Innovasjon Norge og Hjelmeland kommune. I tillegg har Rogaland Sparebank vore ein viktig medspelar i finansieringa av prosjektet.

– Statsforvaltaren har òg vore avgjerande for å få rive det som stod her før, og få starta noko nytt, understrekar Thomas, og peikar på foreldra sine som heilt sentrale støttespelarar i prosessen.

– Dei har vore med mykje meir enn eg kunne forventa. Utan dei hadde det ikkje gått, så tusen takk til begge to, som har vore med på heile prosessen.

UTSIKT: Sissel og Reidar Helgesen såg tidleg at utsikta mot både Fisterfjorden, Hjelmelandsfjorden og Jøsenfjorden kunne vera attraktivt for turistar på glampingtur. (Arkivfoto: Morten Hetland)

NorGlamp har allereie hatt mange fornøgde gjester. Mange kjem etter at dei har fått tips frå venner, og fleire har allereie meldt at dei vil koma tilbake.

– Me håpar sjølvsagt på fint vêr i sommar, men det er fint her sjølv når vêret ikkje speler på lag. Det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede, smiler Natalia.

HØGT OVER HAVET: Luksusteltet som tidlegare stod heilt nede ved sjøkanten, har fått ny plassering på NorGlamp sin glampingplass på Randøy. I bakgrunnen kan ein skimta Randøybrua. (Foto: Morten Hetland)

Thomas og Natalia håpar at NorGlamp ikkje berre skal vere ein plass å overnatta, men òg eit startpunkt for å oppdaga alt det Hjelmeland har å by på.

– Det er overraskande mange som kjem hit og seier at dei er i Hjelmeland for første gong. At me kan vera grunnen til at folk reiser til Hjelmeland for første gong, synest me er kjempekjekt, konkluderer Thomas Helgesen.

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print