Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Inviterer til open dag i Tytlandsvik

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

Torsdag 26. juni kl. 17:00–19:00 opnar Tytlandsvik Aqua dørene for alle som er nysgjerrige på moderne oppdrett og framtidas matproduksjon. Dei byr på presentasjon, omvising på anlegget, lett servering og drøs.

– Me gler oss til å visa fram kva me driv med, seier Hedda Opdahl Viga hjå Tytlandsvik Aqua.

→ Påmelding til open dag hjå Tytlandsvik Aqua

Tytlandsvik Aqua driv landbasert oppdrett av postsmolt (stor smolt), og den første fisken blei sett inn i 2019.

MODERNE FASILITETAR: Tytlandsvik Aqua har utvikla seg til eit framtidsretta anlegg med resirkuleringsteknologi i verdsklasse. (Foto: Tytlandsvik Aqua)

Den lokale bedrifta har bygd seg opp over seks år, og har i dag 30 tilsette. Frå anlegget i Tytlandsvik leverer dei over 6,3 millionar postsmolt kvart år.

Tradisjonelt blei smolten sett ut i sjøen då den var 60–120 gram, men hjå Tytlandsvik Aqua veks smolten til 1,2 kg før den blir sett i sjøen.

– Me har fisken lengre på land, og dermed har me betre kontroll på miljøet som fisken veks opp i, forklarer Viga.

Når smolten treng kortare tid i sjøen, fører det til redusert dødelegheit og mindre behov for behandling mot lakselus.

IMPONERANDE DIMENSJONAR: I Tytlandsvik veks postsmolten i trygge og kontrollerte omgjevnader. Trond Kjellesvik står til venstre i biletet. (Foto: AkvaGroup)

Bremnes Seashore AS, Grieg Seafood Rogaland AS og Vest Havbruk AS eig ⅓ kvar av Tytlandsvik Aqua AS.

Under open dag i neste veke blir det høve til å sjå produksjonshallane og høyra meir om planane vidare.

– Dette er ei flott moglegheit for folk i Hjelmeland til å læra meir om korleis me arbeider for å ta vare på både fisken og miljøet, seier Hedda Opdal Viga.

→ Påmelding til open dag hjå Tytlandsvik Aqua

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print