Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Sjarmerande transportopplevingar

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

I 2018 starta Sven Gil Westersjø eit busselskap som attåtnæring til garden Foss på Jøsneset. Nå kan du reisa frå A til B med «Elektra», «Minstemann», «Bestemor», «Drengen» eller «Byassen».

Gjennom det vesle busselskapet Ryfylkebussen tilbyr Sven Gil Westersjø alt frå lokal taxi til spesialtilpassa siderturar og transport for cruise-turistar.

Historia om Ryfylkebussen begynte med at Sven leverte inn anbud på skuleskyssen frå Jøsenfjorden til Hjelmeland skule. Han vann anbudskonkurransen, og brukte ein åtte-setar til å frakta seks ungar til skulen på Hjelmeland.

STOR BILPARK: Utanfor fjøset på Foss står bussane til Sven Gil Westersjø lina opp på rekke og rad. (Foto: Morten Hetland)

Då koronapandemien slo inn over Noreg og Hjelmeland våren 2020, måtte Sven oppgradera bilparken på svært kort varsel. Styresmaktene kravde større avstand mellom passasjerane, og Sven fann seg ein brukt Scania-buss på Finn.no.

– «Drengen» er å stola på, men den er ikkje så fin i tøyet lenger, seier Sven om den trufaste slitaren i bilparken på Foss.

I dag har Ryfylkebussen fem kjøretøy, som spenner frå den vesle taxien «Elektra» til turbussen «Byassen», som har plass til 57 passasjerar. Likevel er det veteranbussen «Bestemor» som stikk seg fram på Ryfylke-vegane. Med sitt nostalgiske interiør, utstyrt med sofagruppe, kjøleskap og lampettar, byr «Bestemor» på ei heilt spesiell reiseoppleving.

– Eg kalla den «Bestemor», for kven andre enn bestemor kunne funne på å innreia ein buss med lampettar, smiler Sven.

LAMPETTAR: – Kven andre enn bestemor kunne funne på å innreia ein buss med lampettar, spør Sven Gil Westersjø. (Foto: Morten Hetland)

OPPLEVINGAR LANGS VEGEN

Ryfylkebussen legg vekt på at transporten skal vera meir enn berre ei reise frå A til B. Med veteranbussen «Bestemor» kan dei mellom anna tilby turar der sjølve reisa blir ei oppleving for passasjerane.

– Viss du skal frakta flest mogleg passasjerar raskast mogleg frå A til B, så er ikkje dette bussen for deg. Men viss du ynskjer at reisa skal vera noko ekstra, då passar veteranbussen «Bestemor» perfekt, skryt Sven, og legg til at bussen allereie har vore i bruk på sidertur i samarbeid med lokale siderprodusentar og som shuttlebuss under Ryfest.

RVB-LUE: Ryfylkebussen har fått låna den gamle uniformslua til Johan Laugaland, som var sjåfør hjå Ryfylkeveien Billag (RVB). Nå er barnebarnet til Johan, Bjørn Mihle Laugaland, tilsett i Ryfylkebussen. (Foto: Morten Hetland)

Sven ser òg eit stort potensial i å samarbeida med lokale aktørar og internasjonale reiseoperatørar. Han har mellom anna vore i dialog med cruiseskip-agentar, for å sy saman Ryfylke-opplevingar til turistar som kjem i land i Stavanger og Haugesund.

– Eg håpar at både turbussen «Byassen» og veteranbussen «Bestemor» kan vera med på å trekkja fleire folk til distriktet. Me har mykje å visa fram her i Ryfylke, og cruiseturistar leitar heile tida etter nye destinasjonar og nye opplevingar, forklarer Sven.

TURBUSS: I sommar kjøpte Sven turbuss nummer to, med tidsriktig innreiing, toalett og mikrofonanlegg. Den håpar han kan brukast til å skyssa cruise-turistar rundt omkring i Ryfylke. (Foto: Morten Hetland)

HJARTA BANKAR FOR BYGDA

Trass i den raske utvidinga til busselskapet, har Sven føtene godt planta på jorda. Ryfylkebussen er ein del av eit mangesysleri på garden Foss. Garden har vore i Sven sin familie sidan bestefaren hans flytta dit frå Ombo i 1923. Sjølv flytta Sven og kona, saman med den eldste dottera deira, frå Oslo til Foss for tjue år sidan.

– Eg er eigentleg bonde. Det er det eg ynskjer å titulera meg som, seier Sven, som balanserer livet som bussjåfør med gardsdrift og deltidsjobb i brannvesenet.

Nyleg blei Bjørn Mihle Laugaland òg fast tilsett i bedrifta til Sven, slik at Ryfylkebussen nå har høve til å ta på seg fleire og større oppdrag.

SKAPTE SIN EIGEN JOBB: Sven Gil Westersjø jobba på heimekontor då han flytta til Foss for tjue år sidan, men sidan den gongen har han både bygd opp garden og starta buss-selskap. (Foto: Morten Hetland)

– Eg hadde aldri sett føre meg at det skulle bli så stort, men når ein ynskjer å bu ein plass der jobben ikkje kjem til deg, må ein skapa sin eigen jobb, slår Sven fast.

– Dessutan meiner kona mi at eg trivst best og er kjekkast å ha med å gjera når eg har prosjekt å halda på med, så då blir det slik, legg han til.

Sven er òg open om at Ryfylkebussen ikkje berre handlar om å transportera folk, men at han sjølv set stor pris på det sosiale som følgjer med jobben som bussjåfør.

– Bondeyrket er eit einsamt yrke, fordi ein jobbar mykje åleine. Men eg er sosialt anlagt, så det å kjøra rundt på skuleungar, festdeltakarar og selskapsgjester; det tilfredsstiller det sosiale genet mitt, seier Sven.

– Samtidig kjenner eg veldig på ansvaret som følgjer med å kjøra buss, særleg når eg har skuleungar i bussen, og det mest verdifulle som ein familie har, sit på med meg. Då er det viktigast å ta det roleg, så me kjem trygt fram, konkluderer Sven Gil Westersjø.

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print
Bli varsla om oppdateringar? OK Nei, takk