Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

– Meir enn berre fotball

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

Hausten 2025 blei tøff for Hjelmeland IL sitt G15-lag, men nå toppar dei tabellen som G16 i tredje divisjon. Spelarane meiner at resultata ikkje er viktigast, men det gode samhaldet og miljøet som dei har skapt saman.

Mange av spelarane har kjent kvarandre sidan dei gjekk i første klasse. På sidelinja står trenarar som har følgt spelarane gjennom store delar av oppveksten, noko som skaper tryggleik både på og utanfor banen.

– Overgangen frå barnefotball til ungdomsfotball gjorde at fleire fall frå. Det å spela ellevarfotball stiller heilt andre fysiske krav; med mykje meir springing og så må ein skyta hardare. Då bør ein vera interessert i fotball for å klara å henga med, seier Ola Sørensen-Mjølhus, som er trenar for Hjelmeland sitt G16-lag saman med Torstein Pedersen.

To av spelarane som har kome tilbake etter pausar frå fotballen, er Jonas Helgøy og Emil Mjølhus. Begge trekk fram miljøet som ein viktig grunn til at dei starta igjen.

TILBAKE: Jonas Helgøy (t.v.) og Emil Mjølhus (t.h.) er tilbake i dei kvite trøyene, etter ein pause frå organisert idrett. (Foto: Morten Hetland)

– Eg merka at eg trengde noko å gjera på fritida, og eg hugsa dei kjekke minna frå fotballen. Sidan dette er Hjelmeland IL sitt eldste gutelag, og det er kjekke folk på laget, så var det enkelt å velja å koma tilbake, seier Jonas Helgøy.

– Eg brakk armen rett før eg tok ein pause frå fotballen, men då armen blei god igjen, kjende eg at eg ikkje trengde å spela fotball. Men så begynte eg å sakna det, så eg begynte igjen, og nå er det kjekt å vera tilbake på laget, seier Emil Mjølhus.

Laget deira består nå av 16 tenåringsgutar frå årskulla 2009–2012, som framleis vel fotball som fritidsaktivitet, sjølv om dei har blitt ungdommar. Dei fleste har fortsett med fotball for å kunna trena saman med gode kameratar og ha noko fast å gå til på fritida.

FJÅG GJENG: Hjelmeland G16 smilte frå øyre til øyre etter å ha vunne 9-0 mot Tjensvoll/Stavanger 2. Bak frå venstre: Ola Sørensen-Mjølhus (trenar), Stian Lorenzo Lunde Lagasca, Ådne Jakobsson Meland, Henrik Ian Vega Faustino, Gaute Vårvik Sørestad, Thomas Helgøy, Emil Mjølhus og Johannes Mjølhus. Framme frå venstre: Gunnar Auestad Dalane, Ignas Sukutis, Henning Riskedal, Reda Hosam Alsousi, Jonas Helgøy, Hesham Hosam Alsousi og Aslak Mjølhus. Ikkje til stades: Torstein Pedersen (trenar) og Noah Jarwson Pedersen (spelar). (Foto: Morten Hetland)

– Eg er med fordi det er kjekt. Eg har alltid likt å driva med fotball, og det er godt samhald i laget, seier Gunnar Auestad Dalane.

– Me blir godt kjende med kvarandre, og me har det kjekt saman, seier Noah Jarwson Pedersen.

– Og så får me god trening av det, legg Thomas Helgøy til.

KAMPVERTAR: Foreldra stiller som kampvertar, og bidrar til trivsel rundt banen. Janice Lunde Lagasca (t.v.) og Phyllis Ann Vega Faustino (i midten) serverer kaffi til trenarane Torstein Pedersen og Ola Sørensen-Mjølhus (t.h.). (Foto: Morten Hetland)

– Me har alltid hatt gode trenarar, og dei er mykje av grunnen til at laget har blitt så bra som det er, meiner Gunnar Auestad Dalane.

Utan frivillige foreldre som stiller opp på treningar, kampar, kjøring og organisering, ville mange lokale idrettslag ikkje hatt eit tilbod. Norges Idrettsforbund omtalar foreldretrenarane som ein heilt avgjerande ressurs for idrettslaga, og meiner at foreldretrenarar er ein sentral del av norsk barne- og ungdomsidrett.

FAR OG TRENAR: Ola Sørensen-Mjølhus (t.h.) er blant dei mange foreldra som stiller opp som trenarar i Hjelmeland Idrettslag. Éin ettermiddag i veka kjører han rett frå jobb til Hjelmeland kunstgrasbane for å trena sonen Johannes Mjølhus (t.v.) og resten av laget. (Foto: Morten Hetland)

På Hjelmeland G16 er Ola Sørensen-Mjølhus og Torstein Pedersen både fedrar og trenarar for laget. Dei følgjer ikkje berre opp sine eigne ungdommar, men jobbar for å utvikla heile laget. Ola meiner at mykje av styrken til laget ligg nettopp i miljøet rundt spelargruppa.

– Sjølvsagt har kvar spelar individuelle forskjellar, både i interesse og fysisk styrke. Nokon av dei er meir hekta enn andre, og trenar på fritida i tillegg til dei faste treningane, men dei er gode saman, seier Ola Sørensen-Mjølhus.

OPPVARMING: Trenar Torstein Pedersen (i midten) passar på at gutane får nok og riktig oppvarming før kampen mot Finnøy 29. september 2025. (Foto: Morten Hetland)

Spelarane meiner sjølv at det gode miljøet kjem av måten dei behandlar kvarandre på.

– Me er greie med kvarandre, meiner Henning Riskedal.

– Me merkar forskjell på miljøet i vårt lag og dei andre laga som me møter. Dei andre klagar på kvarandre heile tida, medan me er ganske snille med kvarandre, meiner Thomas Helgøy.

GOD TRENING: Stian Lorenzo Lunde Lagasca (bak t.v.), Noah Jarwson Pedersen (nærast t.v.), Thomas Helgøy (bak i midten) og Henning Riskedal (t.h.) meiner dei får god trening av å spela fotball. Samtidig trekk dei fram samhaldet som éin av laget sine viktigaste styrkar. Dei meiner at miljøet blir godt fordi spelarane er greie med kvarandre, snakkar kvarandre opp og ikkje blir sure når nokon gjer feil. (Foto: Morten Hetland)

Haustsesongen 2025 blei tøff sportsleg. Då spelte laget som G15 i 3. divisjon, og vann berre to av ni kampar. Laget skåra 23 mål, men sleppte inn 44, og enda med seks poeng og ein åttande plass blant ti lag.

Sjølv om resultata ikkje alltid gjekk deira veg, gav ikkje laget opp, og etter 5–4-sigeren mot Finnøy i slutten september meinte Thomas Helgøy at laget endeleg hadde fått betalt for innsatsen.

– Me fortente å vinna. Dei siste tjue minutta var det veldig høgt press, men alt i alt var sigeren fortent, sa han til Mitt Hjelmeland etter kampen.

JUBEL: Ignas Sukutis (t.v.), Henning Riskedal (i midten) og Jonathan Vadla (t.h.) jublar over kampens første mål, då Hesham Hosam Alsosi sendte Hjelmeland i leiinga mot Finnøy etter berre fem minutt. (Foto: Morten Hetland)

Henning Riskedal meinte òg at resultata ikkje alltid spegla innsatsen til laget.

– Me set ikkje sjansane våre, og me har hatt mykje uflaks denne sesongen. Men nå var det kjekt med ein siger, sa han.

For Henrik Ian Vega Faustino blei Finnøy-kampen ekstra spesiell.

– Eg er veldig fornøgd med å skåra det siste og avgjerande målet, slik at me fekk vår første siger denne sesongen. Eg har trent mykje på skot og plassering av ballen for å få dette til, sa han.

AVGJERANDE MÅL: Hesham Hosam Alsousi (bak i kvit drakt) skåra tre mål i kampen mot Finnøy i september. Like før kampslutt stod det 4–4, og det såg ut til å enda med poengdeling. Men i det siste minuttet avgjorde Henrik Ian Vega Faustino (t.v.) kampen då han sette inn 5–4-målet, og sikra Hjelmeland G15 sin første siger i haustsesongen. (Foto: Morten Hetland)
KLEM: Då dommaren blåste av kampen mot Finnøy, og 5-4-sigeren var eit faktum, kasta Stian Lorenzo Lunde Lagasca seg rundt halsen på lagkamerat og målvakt Gaute Vårvik Sørestad. Trenar Torstein Pedersen deler gleda med spelarane sine. (Foto: Morten Hetland)

Alle poenga i haustsesongen kom på heimekampane, der Hjelmeland G15 vann 5–4 mot Finnøy og 3–0 mot MIL 3–0. Samtidig fekk dei det langt tøffare på bortebane, med 31 baklengsmål og fem tap.

Likevel skåra Hjelmeland totalt 23 mål i løpet av ni kampar, noko som viser at laget hadde både angrepskraft og spelarar som greidde å skapa sjansar.

– Me gjev ikkje opp, sjølv om me taper, men prøver heller å finna ut korleis me kan løysa dei problema me hadde i kampen, forklarte Henning Riskedal.

– Me er berre sure i fem minutt, og så går det over, seier Noah Jarwson Pedersen.

– Eller så kan me trøysta oss med å eta på McDonald’s, viss me har tapt ein bortekamp, legg Thomas Helgøy til.

FORSKJELLIGE: – Det er sjølvsagt individuelle forskjellar på spelarane, men dei er gode saman, meiner trenar Ola Sørensen-Mjølhus. Her kappast Thomas Helgøy (t.v.) og Ådne Jakobsson Meland (t.h.) om å hoppa høgast. (Foto: Morten Hetland)

I løpet av våren har fotballgutane vist kva som er mogleg når eit lag får tid til å utvikla seg saman. Nå spelar laget som G16 i 3. divisjon, og har lagt bak seg fem kampar utan tap. Fire sigrar og éin uavgjort har sendt Hjelmeland til tabelltoppen.

Trenar Ola Sørensen-Mjølhus meiner at spelargruppa har utvikla seg både fysisk og mentalt sidan i haust.

– Spelarane våre er ikkje spesielt store fysisk, i forhold til spelarane på andre lag som me treff. Men dei tar det igjen i fart; dei greier å springa like lenge, og gjerne meir, så dei blir seigare enn motspelarane, seier han.

Saman har G16-laget gått frå 23 mål og ein målforskjell på minus 21 i haustsesongen, til 26 mål og ein målforskjell på pluss 16 så langt i vårsesongen.

Framgangen handlar ikkje berre om prestasjonane til enkeltpersonar. Måla er fordelte på fleire av spelarane på laget, og målvakt Gaute Vårvik Sørestad har gjort det vanskelegare for motstandarane å setja ballen i nettet bak han.

MÅLVAKT: Målvakt Gaute Vårvik Sørestad har bidratt til at Hjelmeland G16 har snudd frå 44 baklengsmål på 9 kampar i haustsesongen, til berre 10 baklengsmål på 5 kampar så langt i vårsesongen. (Foto: Morten Hetland)

Heimekampen mot Tjensvoll/Stavanger 2 i midten av mai enda med 9–0-siger, og blei dermed den mest målrike kampen til Hjelmeland så langt i vårsesongen. Laget skåra heile fem mål, før Reda Hosam Alsousi avslutta kampen med fire nye mål i løpet av dei siste ti minutta.

TOPPSKÅRAR: Reda Hosam Alsousi skåra fire mål i løpet av ti minutt i heimekampen mot Tjensvoll/Stavanger 2. Litlebror Omar gratulerer storebror Reda med eit handklask, rett etter at dommaren har blåst av kampen. (Foto: Morten Hetland)

– Me var gode på å sentra til kvarandre, slik at me kom oss gjennom med ballen. Det var litt høge spelarar på motstandarlaget, men eg kom forbi dei med teknikk og dribling, seier Reda Hosam Alsousi.

Hesham Hosam Alsosi, Gunnar Auestad Dalane, Ignas Sukutis og Johannes Mjølhus bidrog òg med skåringar i storsigeren. Samtidig heldt målvakt Gaute Vårvik Sørestad nullen, noko som betyr at Hjelmeland både leverte sin mest målrike kamp offensivt og sin mest solide kamp defensivt så langt denne sesongen.

SPRING MOT MÅL: Gunnar Auestad Dalane (nærast) var blant målskårarane i kampen mot Tjensvoll/Stavanger 2. Dei andre Hjelmeland-spelarane er (frå venstre) Henrik Ian Vega Faustino, Emil Mjølhus og Johannes Mjølhus. (Foto: Morten Hetland)

Gunnar Auestad Dalane har vore éin av dei mest målfarlege spelarane på laget gjennom både haust- og vårsesongen.

– Ja, når eg får ballen mellom beina, så er det berre å springa mot mål, seier han.

Ignas Sukutis har òg vore blant målskårarane i vår. To av måla sette han i kampen mot Tjensvoll/Stavanger 2.

– Eg har ingen spesielle triks. Eg pressar etter ballen, og så er det berre å skyta. Av og til må eg springa åleine mot keeper, og berre prikka ballen inn, men eg får òg mange fine pasningar frå dei andre, forklarer han.

KJEKT Å SKÅRA: Ignas Sukutis (nærast) har skåra tre av laget sine 26 mål så langt i vårsesongen; to av dei i kampen mot Tjensvoll/Stavanger 2 i midten av mai. Bak til venstre spring Gunnar Auestad Dalane (t.v.), som har skåra fire mål i vårsesongen, og mellom dei spring Henrik Ian Vega Faustino. (Foto: Morten Hetland)

– Det er ikkje så kjekt å berre prikka ballen inn, slik eg gjorde i denne kampen. Eit skikkeleg fint plassert solomål er veldig kjekt. Dei er sjeldne, men når ein først skårar, så er det veldig kjekt, fortel Ignas Sukutis.

Sjølv om laget nå vinn fleire kampar enn før, verkar ikkje spelarane mest opptekne av tabellen. Dei snakkar meir om treningane, miljøet og det å vera saman som gruppe. Spelarane meiner at laget har klart å finna ein god balanse mellom konkurranse og trivsel.

RESPEKT: Ein fin rutine på fotballbanen, er at dommaren og spelarane helsar på kvarandre før kampstart, og takkar for kampen etter kampslutt. (Foto: Morten Hetland)

– Me vil ikkje at det skal bli for seriøst. Det skal vera ein mellomting, slik at folk òg har det kjekt og ikkje er redde for å gjera feil på banen. Me prøver heller å snakka kvarandre opp, seier Thomas Helgøy.

– Og så blir me ikkje sure på kvarandre viss det er noko me ikkje får til, seier Henning Riskedal.

– I alle fall ikkje veldig sure, legg Noah Jarwson Pedersen til, til latter frå lagkameratane.

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print