Gjennom 26 år har Anne-Berit vore ein av dei aller fremste profesjonelle musikarane i Hjelmeland.
– Ho er anerkjent langt utover kommunen sine grenser som ein særskilt dyktig organist og kyrkjemusikar. Ho er i tillegg songar og pianist. Aldri har ho stagnert, men utviklar seg stadig som musikar på høgt nivå, heiter det i Hjelmeland kommune si grunngjeving for tildelinga av Kulturprisen 2010.
Sidan det ikkje kryr av musikarar i Hjelmeland, har Anne-Berit Rinde Bjelland ofte valt å trø til. Ho meiner at ein må bidra med det som ein kan og har lyst til, og det som er etterspurt, når ein bur på småplassar som Hjelmeland.
– Sidan eg har musikken som jobb, har det veldig lett for å gli inn i andre delar av livet. Musikken følgjer meg både privat, på fritida, i frivillig arbeid og i samfunnet elles. Sjølv om eg prøver å skilja jobb og privatliv, har eg òg engasjert meg musikalsk i ting som ikkje er definert inn i jobben min som kantor i Hjelmeland kyrkjesokn, seier Anne-Berit Rinde Bjelland.
Kulturpris-vinnar
Namn: Anne-Berit Rinde Bjelland
Alder: 51 år
Bustad: Randøy i Hjelmeland
Sivilstand: gift med Øystein, to jenter
Yrke: kantor
Interesser: lesing, sykling, handarbeid, musikk
LANG MUSIKKERFARING
Opphavleg kjem Anne-Berit frå bygda Vereide i Gloppen kommune i Nordfjord, men i 1984 flytta ho til Hjelmeland og fekk jobb som organist og musikkskulelærar.
Gjennom 26 år har Anne-Berit vore med på å farga hjelmelandsbuane sin musikkvardag, både i arbeid og fritid. I tillegg til jobben som kantor er ho dirigent for Hjelmeland Kyrkjekor og medlem av gruppa Ryfylkeklang.
– Som tilsett i kyrkja har ho gitt innbyggjarane i kommunen mange store musikkopplevingar ved ulike høve, men Anne-Berit får ikkje kulturprisen for at ho har utført jobben sin på ein framifrå måte. Det er hennar profesjon å vera musikar. Ho har gjort så mykje meir: I alle år har ho vore utøvande musikar. Ho har spelt på utallige tilstellingar rundt om i kommunen, ho har vore korleiar og dirigent for ulike barnekor og blandakor, ho har vore utøvande musikar saman med andre, og ho har vore konsertarrangør for mange kyrkjekonsertar, heiter det i grunngjevinga for kulturpristildelinga.
Berre fire år gammal byrja Anne-Berit å spela trøorgel i barndomsheimen på Vereide. Mest like etter ho var blitt kjent med dei ulike tangentane og lydane dikta ho sin eigen song, som ho framleis kan spela. Ho har ikkje vore så veldig målbevisst på kva ho ville utdanna seg til, og visste mest ikkje kva ho skulle bli før ho blei utdanna organist.
Orgelundervisninga i barndommen fekk ho av mora si, som òg hadde fått privatundervisning i sin ungdom. Då Anne-Berit var 13 år gammal, innsåg foreldra hennar at ho ikkje kunne læra meir heime, og ingen i bygda kunne undervisa ho. Dermed kjøpte foreldra inn eit piano, slik at ho kunne læra seg det, og ho byrja å ta private pianotimar.
– Pianotimar heldt eg på med like til eg reiste heimanfrå i ein alder av tjue år. Året før eg flytta hadde eg òg teke til med orgelundervisning. Eg hadde minimalt med orgelbakgrunn så det blei ein tøff start. Sjølv om det er noko annleis å spela på orgel enn piano, fekk eg heile tida tilbakemeldingar om at det var ein styrke for meg å ha pianobakgrunn, fortel den dyktige musikaren.
Til saman tok Anne-Berit fire år med utdanning frå Bergen Musikkonservatorium, med orgel som hovudinstrument, før ho fekk jobb som organist i Hjelmeland. Etter at ho kom til Hjelmeland tok ho òg songpedagogisk utdanning ved Rogaland Musikkonservatorium.
Anne-Berit tykkjer det fort kan bli einsamt å sitja for seg sjølv og spela i bryllaup og gravferd. Difor har ho òg samarbeidd om konsertar med lærarar i kulturskulen. I seinare tid har ho òg danna gruppa Ryfylkeklang saman med Ingebjørg Vik Laugaland, Kristin Bringaker Kleppa og Kristin Sandvik Halgunset.
– TRØKK, VILJE OG LIV
Den mangeårige musikkutdanninga og –erfaringa har ført til at Anne-Berit òg har spelt både gitar og blokkfløyte i tillegg til orgel og piano. Blant dei fire instrumenta ho meistrar er orgelet likevel ein klar favoritt.
– Orgelet er mitt hovudinstrument, og det var den utdanninga eg tok. Eg er òg fascinert av det store spennet i instrumentet. Det er innebygd forskjellige lydar og klangar i orgelet, noko som i seg sjølv gjer det til eit heilt orkester. Dessutan har instrumentet mange bruksområde, både i sorg, til å letta den fortetta stemninga før ei gravferd, og i glede over å leia songen i kyrkja. Orgelet eignar seg dessutan ypparleg som konsertinstrument, og det gjev tilhøyrarane gode musikkopplevingar, meiner Anne-Berit.
For Anne-Berit har organiststillinga vore eit yrke der ho har fått brukt veldig mykje av seg sjølv.
– Det å driva med musikk, anten som hobby eller yrke, er veldig utviklande. Opp gjennom åra har eg fått gleda av å samarbeida med mange forskjellige folk, og forhåpentlegvis har eg fått vera til glede for mange i ulike situasjonar, seier Anne-Berit.
Sjølv er Anne-Berit først og fremst glad i det stabile, trygge og stødige. Ho framstår som rotfesta og eit utprega pliktmenneske som er oppteken av å gjera ting skikkeleg. Dermed kan ho bli veldig fokusert på oppgåvene som skal løysast.
– Det krev eit veldig fokus å driva som musikar. Oppgåvene skal løysast i augneblinken og ein får ikkje nokon ny sjanse. I tillegg er det viktig for meg at det er trøkk, vilje og liv i musikken. Eg må kjenna at musikken har gått vegen gjennom meg sjølv, kjenna at musikken lever gjennom meg og villa at folk skal oppleva noko bra saman med meg, konkluderer Anne-Berit Rinde Bjelland.