Like ved badestranda ved Riskedalsvatnet, har Årdal Bygdaråd fått sett opp ein ny gapahuk, i tillegg til den som allereie står på nordaustsida, ved turvegen rund Riskedalsvatnet.
– Det blir aldri nok gapahukar, seier Magnar Riveland, kulturleiar i Hjelmeland kommune.
– Nå har me to gapahukar ved Riskedalsvatnet, men me skulle hatt ei løype som gjekk heilt rundt, og då hadde det vore plass til ein tredje gapahuk i vestre enden av vatnet, legg han til.
Ordførar Anita Husøy Riskedal (Sp) stod for den offisielle opninga av gapahuken, og ytra nokre velvalde ord til barna som hadde møtt fram til opninga.
– Når dokker som vaksne kjem tilbake igjen til Årdal, med masse ungar, så tek dokker dei med hit, og fortel om alt det kjekke, og alt tull og tøys dokker fann på her nede; skremde ordføraren, for eksempel, sa ordførar Riskedal, før ho skar over snora med ein tollekniv.
– Me håpar at området blir mykje brukt, både av barnehage, skule og folk privat, seier Gunhild Dalane i Årdal Bygdaråd.
– For å få bygd ein gapahuk, treng me at folk er positive. Og i denne bygda trur eg ikkje folk kan ordet «nei», legg Dalane til, før ho takkar alle som har bidratt til å realisera gapahuken, mellom anna Sigve «Bøggningsmaen» Vatland, som har sett opp den solide bygningen
Ei ekstra takk gjekk òg til grunneigar Elisabeth Riskedal Tufte, som har stilt eigedommen sin til disposisjon, treskjerar Eldfinn Austigard, som har laga skiltet over porten, 6. og 7. klasse ved Årdal skule, som har gitt namn til gapahuken, avviklingsstyret til Årdal Aktivitetshus, som har sponsa gapahuken, og Hjelmeland kommune, som har skaffa eksterne prosjektmidlar frå Rogaland fylkeskommune.
Haldis K. Nilsen, plan- og forvaltingssjef i Hjelmeland kommune, har søkt om tilskot frå Rogaland fylkeskommune, og sikra sponsing på 100.000 kroner til Ytrevollhuken. Vilkåret er at gapahuken skal bidra til å både skapa meir aktivitet i bygda, stimulera til meir friluftsliv og læra den oppveksande slekta om villrein og jakt.
Ytrevollhuken er òg sponsa med 150.000 kroner av overskotet frå salet av Årdal Aktivitetshus.
– Bygda selde noko av sjela si, og nå håpar me at me kan få tilbake noko av sjela i dette huset, seier Per Inge Egeland, som har vore med i avviklingsstyret til Årdal Aktivitetshus.