Den relativt ferske e-sportklubben har allereie begynt å utmerka seg i turneringar: I helga spelte dei sluttspelfinalar i Valorant, og enda med opprykk til neste liga.
– Det blei ikkje så bra som me hadde håpa på, men 3. plass av 55 lag i ligaen er jo respektabelt, seier klubbleiar Torbjørn Velde.
Hjelmeland E-sport har nå 32 aktive medlemmer, og målet deira er å tilby eit trygt og inkluderande gaming-miljø for både nybegynnarar og meir erfarne gamarar.
– Mangelen på respekt og dårleg språkbruk er eit veksande problem i samfunnet, men det er relativt enkelt å ta tak i det. Ofte treng ungane berre ei vennleg påminning, og mange blir gode rollemodellar for dei yngre, seier Velde, som driv klubben sine tilbod saman med Geir Morten Sandanger, Marta Tysdal og Phillip A. Surdal.
Sjølv såg Velde behovet for å få gaming inn i meir ordna former, då hans eigen son fekk interesse for dataspel for nokre år sidan.
– Gaming må organiserast, og det må vera eit rammeverk rundt det. Her i klubben held me vaksne oppsyn med aktivitetane, anten det skjer på nett eller når me samlast til treningar på Samfunnshuset, seier Velde.
Under oppstarten for snart to år sidan, hadde klubben alle treningar og kampar digitalt, sidan dei mangla eit fysisk lokale å samlast i, men etter kvart fekk dei låna plass i Vågahuset av kommunen.
– Det var ei kjempefin ordning, men det blei mykje arbeid med rigging og rydding kvar gong, og lokala blei fort for små, seier Velde, som er fornøgd med at e-sportklubben har fått meir permanente lokale i kjellaren på Hjelmeland Samfunnshus frå og med sommaren 2024.
Denne haustkvelden snakkar Mitt Hjelmeland med fleire av medlemmene i Hjelmeland E-sport; mellom anna Fares, som sjølv seier at han stiller på kvar einaste trening.
– Eg likar at me kan møtast her for å spela og ha det gøy saman, seier Fares, som har funne seg eit nytt favorittspel i Fortnite: Battle Royale.
– Er det ikkje skummelt med skytespel?
– Nei, det kjem ikkje så masse blod, meiner Fares.
Gaming kan vera ein kostbar hobby, og derfor har Hjelmeland E-sport oppretta ein stor utlånsbank med alt frå tastatur og mus, til skjermar og kontrollarar, Xbox, PlayStation, Nintendo Switch eller ein heil PC.
– Det er ikkje alle som kan begynna med ein ny aktivitet som kostar så mykje pengar. Viss ein er litt usikker på kva ein vil spela på, om ein ikkje vil ta seg råd eller om ein ikkje har råd, så har me utstyr til utlån, seier Velde.
Utlånsbanken har mellom anna blitt mogleg takka vera støtte frå det lokale næringslivet, med Mowi og Bremnes Seashore som hovudsponsorar.
Klubben har store planar for framtida, mellom anna med innkjøp av ein ekstra racingsimulator, men for å vidareutvikla tilbodet treng dei fleire frivillige.
– Me kunne godt tenkt oss å ha treningar fleire dagar i veka, eller dela inn i ulike spel for kvart rom, men då treng me fleire eldre ungdommar eller vaksne som kan hjelpa oss med å driva tilbodet, avsluttar Torbjørn Velde i Hjelmeland E-sport.