Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Havregraut til høflege ungdommar

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

Kvar onsdagsmorgon fyller lukta av nykokt havregraut gangane på ungdomsskulen. Hjelmeland Bygdekvinnelag står bak det populære tiltaket, som mettar magane til morgontrøytte ungdommar.

Aslaug Kleppa, pensjonist og engasjert medlem i Hjelmeland Bygdekvinnelag, har dei siste åra organisert det populære tilbodet.

– Dei første åra serverte me berre kvar 14. dag, men i det siste har me servert kvar einaste onsdag, berre med unntak av koronatida og perioden medan ungdomsskulen blei flytta inn i nytt bygg. Me er fem stykk som byter på jobben, to kvar gong, så det er overkommeleg, seier Aslaug til Mitt Hjelmeland.

Kleppa røper at grauten blir laga med like delar heilmjølk og vatn, og at dei tilset eit lite dryss med sukker for smaken si skuld. Resultatet blir godt mottatt av ungdommane.

– Grauten er god, og spesielt når eg får litt sukker på, skryt Noah J. Pedersen.

Eller, graut og graut… Sjølve uttalen av ordet, er det faktisk diskusjonar om.

– Dei er så fine og kjekke, og mange kjem bort og skryt av grauten, eller «grød», som dei kallar den, men då fortel eg at eg kallar det «graud», og då svarer ungdommane at dei ikkje får så god «graud» heime, ler Aslaug.

Tiltaket kom i stand etter initiativ frå ungdomsskulen, som merka at mange elevar var trøytte og hadde dårleg matlyst om morgonen.

– Skulen hadde eit prøveprosjekt, der lærarane stod for serveringa. Dette viste positive resultat, men i lengda kunne ikkje kommunen betala lærarar for å koka og servera graut, så då blei me i Bygdekvinnelaget spurde om å bidra. Og det ville me, slik at det kunne bli ei fast ordning, forklarer Liv Inger Mæland, som var leiar i Hjelmeland Bygdekvinnelag i 2016, då den første grautskåla blei servert av Bygdekvinnelaget.

FAST TRADISJON: Aslaug Kleppa (t.v.) har vore med på grautserveringa heilt sidan oppstarten, medan Liv Inger Mæland (t.h.) tok ansvar for at Bygdekvinnelaget sette i gang. (Arkivfoto: Morten Hetland)

Liv Inger understrekar kor viktig tiltaket er for elevane.

– Det er kjekt å gjera noko for barn og unge. Samtidig får me vist fram mangfaldet i det Bygdekvinnelaget driv med, og me får oppleva på nært hald kor positivt dette blir motteke av ungdommane.

Fysioterapeuten i kommunen har òg skrytt av tiltaket, og framheva dei positive helsefordelane ved at elevane får ein god start på dagen. Og for Aslaug og dei andre frivillige, handlar det om meir enn berre mat.

– I tillegg til at det er sunt og godt for ungdommane å få i seg mat om morgonen, tykkjer eg at det er kjekt å bruka litt tid på dei. Dei er så høflege og takksame at eg vil gjera dette så lenge eg kan, smiler Aslaug Kleppa.

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print
Bli varsla om oppdateringar? OK Nei, takk