Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Heim til jul med jazza julemusikk

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

Fredag kveld blei Randøy Grendahus fylt med song og musikk, då Eigil Fagerland Sjursen tok med seg eit knippe talentfulle musikkvenner til heimbygda, for å skapa julestemning.

Rundt 60 publikummarar fann vegen til Randøy Grendahus, for å høyra Eigil og vennene hans framføra julekonserten «Heim til jul».

Eigil, som spelte både piano og trekkspel, hadde fått med seg Hanna Søraas Vasshus frå Suldal på song, Aleksander Eriksen Svendsen på saksofon, Peder Kristiansen på perkusjon og Sebastian Hansvold på kontrabass. Dei fire første har kjent kvarandre sidan dei gjekk saman på musikklina på Stavanger Katedralskole, medan Sebastian er ny i gjengen denne hausten.

INSTRUMENTALT: Aleksander Eriksen Svendsen (saksofon) og Sebastian Hansvold (kontrabass) stod for dei instrumentale nummera. Hanna Søraas Vasshus stod òg for vakker song. (Foto: Morten Hetland)

– Knallbra! Eg er kjempeimponert, utbryt pappa Roger Sjursen, rett etter avsluttingsnummeret «Deilig er jorden».

– Ja, me har jo øvd i to dagar, svarer Eigil lattermildt, og legg til at bandet møttest for første gong på onsdag; same dag som dei spelte konsert i Suldal kyrkje.

FEMSTEMT: «Det lyser i stille grender» blei framført i femstemt harmoni. Frå venstre: Eigil Fagerland Sjursen, Hanna Søraas Vasshus, Aleksander Eriksen Svendsen, Peder Kristiansen og Sebastian Hansvold. (Foto: Morten Hetland)

Gruppa tok publikum med på ei musikalsk reise gjennom jazz, pop og tradisjonelle juletonar, alt framført med eitt eller anna kreativt innslag.

– Av og til har me mest lyst til å kjøra kvar våre jazz-impronummer. Det er jo det me eigentleg vil, så me snik det berre med, seier Eigil med eit smil.

Publikum fekk mellom anna høyra klassikarar som «Nordnorsk julesalme» og «Julekveldsvisa», i tillegg til meir uventa nummer som «It’s Not Christmas «till You Come Home» og «River».

Hanna Søraas Vasshus song òg ein nydeleg versjon av «Home For Christmas», opphavleg skriven av Maria Mena, med norsk tekst av Bothild Åslaugsdotter Nordsletten.

KREATIVT SAMSPEL: Eigil Fagerland Sjursen og resten av gruppa hans framførte to julekonsertar denne veka; éin i Suldal kyrkje og éin på Randøy Grendahus. (Film: Morten Hetland)

Konserten blei avslutta med to sterke nummer: «Det lyser i stille grender», framført femstemt a capella av musikarane, og «Deilig er jorden», der heile salen reiste seg og song med. Stemninga i salen blei riktig så høgtideleg, og folk gjekk heim med ein ekstra dose med julesongar friskt i minnet.

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print
Bli varsla om oppdateringar? OK Nei, takk