Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Jaktar på latter

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

Det er ein kald onsdagskveld i desember. Klokka er 19:22, og mørket har senka seg over gatene i Stavanger. I kveld skal Jan Arne Hansen jakta… på latter.

Jaktterrenget er Grottene på Folken, lokalet der Standup Stavanger inviterer til open mic kvar onsdag. I kveld er det venta godt og vel 60 gjester i intimscenen.

– Eg har gjort standup ti gonger tidlegare – to på Hjelmeland og åtte i Stavanger – så dette blir min ellevte gong, fortel Jan Arne Hansen.

DOKUMENTERER: – Det er kjekt å dokumentera at eg har vore der, seier Jan Arne, som passar på å ta bilete på arrangementa som han deltar på. (Foto: Morten Hetland)

Jan Arne debuterte som standup-komikar i samband med Humorbattle på Samfunnshuset i februar 2023, der han representerte den litle bygda Fjellet.

– Eigentleg hadde eg berre tenkt å sjå på, men éi veke før kom eg på så mykje løye at eg heller kunna stilla på scenen, fortel han til Mitt Hjelmeland. 

Responsen frå publikum gav vatn på mølla, og i september same år underheldt Jan Arne igjen på Samfunnshuset, i samband med ein dobbel femtiårsdag.

– Etterpå meldte eg meg på eit standup-kurs, der eg lærte at det er lov å ta med hugselapp på scenen, og at det ikkje er lov å kopiera andre. Resten står på nokre ark heime, men dei har eg ikkje sett på etter kurset, humrar Jan Arne, medan han fiskar fram dagens hugselappar frå sekken.

SISTE FINISH: Ei siste gjennomlesing må til, rett før Jan Arne skal gå på scenen, slik at han hugsar mest mogleg av det han skal seia. (Foto: Morten Hetland)

Den observante merkar at han er litt småstressa, men han er strukturert, og veit kva som skal til for å bli klar.

– Er du nervøs før du skal stå?

– Eg fyk kanskje litt rundt omkring, fordi eg blir stressa i slike situasjonar.

Sjølv beskriver han alt materialet sitt som sanne historier, og meiner at nettopp sannheita er eitt av hans fortrinn.

– Det sanne blir like løye som alt det andre, for dei sanne historiene er ofte gode. Kanskje er dei til og med betre; det kan ein aldri vita før ein har prøvd, seier Jan Arne, før han les gjennom notata til det nye materialet som skal prøvast ut.

HUGSELAPP: Sjølv om det er lov med hugselapp på scenen, er det få gonger Jan Arne må sjekka notata sine. (Foto: Morten Hetland)

Før han vågar å prøva ut historiene på scenen i Stavanger, har dei gått gjennom filteret til ein tidlegare lærar, og ein tidlegare kollega i teknisk etat i Hjelmeland kommune.

– Er dokker klar for heimesnekra vitsar med diverse kvalitet, spør konferansier Trond Anfinnsen, før han sparkar i gang kvelden.

Publikum klappar og jublar. Jan Arne kjenner lukta av byttet: Latteren sit laust i kveld.

Kjetil Melkevik starta for to år sidan det som nå er Stavangers leiande standup-klubb, og er kveldens første komikar på scenen. 

Jan Arne er nummer to i kveldens program.

– Han er ein artig skrue. Er dokker klare for ein innante? Ta vel imot Jan Arne Hansen, ropar konferansieren inn i mikrofonen.

Endeleg er det hans tur. 

SANNE HISTORIER: Eitt av Jan Arne sine fortrinn, meiner han sjølv, er at han berre fortel sanne historier. (Foto: Morten Hetland)

Jan Arne sine historier kjem som perler på ei snor. Han fortel om tanta på Sola, om ein kranførar og om språklege forvirringar med utlendingar i nynorsk-land.

– Jan Arne er fortsatt veldig ny, og gjer si greie. Han er glad i tørr humor. Det er mange ordspel og mykje lokalt, og så har han ein sjarm som strekk seg ut til publikum, meiner Kjetil Melkevik.

– Eg kan ikkje seia at han er den neste Hans Morten Hansen eller Jerry Seinfeld. Jan Arne er si eiga greie, supplerer standup-kollega Anders Olsen, som skal på scenen seinare den same kvelden.

Publikum er med. Litt mindre enn Jan Arne hadde håpa. Men dei ler; av poenga hans, somme gonger av mangelen på poeng, og andre gonger av framtoninga hans.

– Det gjekk betre sist, men det gjekk bra nå òg. Kanskje publikum er meir gira neste gong, seier Jan Arne, som er fast bestemt på å koma tilbake i januar. Kanskje latteren sit endå betre då. Uansett har han ein heil månad på seg til å samla på og finpussa nye historier. 

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print
Bli varsla om oppdateringar? OK Nei, takk