– Farfaren min kjøpte småbruket her i 1937. Etter kvart blei me for små til å driva med ordinært landbruk, og då var pelsdyroppdrett perfekt for oss, sidan det kravde lite areal, fortel Reidar Helgesen, som overtok heimegarden i 1992, saman med kona Sissel.
– Småbruket har opp gjennom åra hatt fleire bein å stå på. Her har det mellom anna vore oppdrett av laks og aure, samt eggproduksjon, og for lenge sidan var det drivhus med grønnsaksproduksjon, utdjupar kona Sissel.
Sissel kjem opphavleg frå Ullandhaug i Stavanger. Ho møtte Reidar gjennom volleyballgruppa til Fister Idrettslag. Det litle idrettslaget, som seinare blei slått saman til Hjelmeland Idrettslag, hadde nemleg fleire lag i krinsserien i perioden 1976–1999.
– Eg tok initiativ til å starta eit damelag i volleyball i 1985, då eg flytta til Hjelmeland, mimrar Sissel, som var både trenar og lagleiar for damelaget i mange år.
– Ja, me to har vel drive med volleyball i over tjue år, og på det meste hadde Fister Idrettslag fire lag i seriesystemet, utdjupar Reidar.
Bak seg har Reidar over 300 seriekampar i volleyball, men den viktigaste kampen er han framleis ikkje ferdig med:
– Då forbodet mot pelsdyrhald blei annonsert i januar 2018, hadde eg lite lyst til å starta med noko nytt. Når maktkampen overtek for fornufta, kan ein spørja seg om politikarane verkeleg jobbar for veljarane, meiner Reidar.
Saman med ca. 170 andre pelsdyrfarmar, ventar Sissel og Reidar på at Landbruksdirektoratet skal bli ferdig med takseringa av revefarmen deira, slik at dei kan få utbetalt erstatning for bygningane som nå må rivast.
– I staden for å leggja oss ned og gje opp heile livsverket, tenkte me nytt saman med eldstesonen vår, Thomas. Han skal etter kvart overta småbruket, og han kunne tenka seg å driva med glamping, altså glamorøs camping, forklarer Reidar.
Reiselivssatsinga NorGlamp hadde sin første sesong frå mars til september i 2021, og familien Helgesen er svært fornøgde med eit belegg på ca. 80–85 prosent.
– Me fekk dermed stadfesta at det faktisk er ein marknad for ein plass der folk kan koma for å seinka skuldrene, slappa av, koma vekk frå jaget og slappa av eitt døgn eller to, fortel Reidar, som nå vil satsa vidare på glamping i Hetlevik.
Hjelmeland kommunestyre vedtok 16. juni i år den nye reguleringsplanen for Hetlevik glamping, som gjev rom for etablering av 10 enkle utleigeeiningar for turisme, fortrinnsvis glampingtelt av typen Artic Dome, men òg lavvoar og små, enkle minihus.
– Me har fått mange års erfaring med reiseliv og utleige gjennom Hetlevik Maritim, men eit opphald i NorGlamp byr på ei heilt unik oppleving. Gjestene våre har så langt vore veldig opptekne av plasseringa, utsikta til sjøen, den fantastiske naturen og kjekke turmoglegheiter i nærområdet, fastslår Sissel.
Frå den nye glampingplassen er det kort veg til Randøy Handel, nærbutikken på øya, og gjestene kan enkelt koma seg inn på turløypenettet på Randøy, med stiar til for eksempel Randåsen, Øyeåsen, Bruratonå og Kodl.
Medan Reidar helst føretrekk å trena hjå TOPP Treningssenter, bruker Sissel ofte dei mange turstiane på Randøy for å få mosjon. Ho er òg hobbyfotograf, så når fotoapparatet blir med på turen, får ho dyrka to interesser samtidig.
– Eg går mykje tur i nærområdet, og tek mange bilete i løpet av eitt år, fortel Sissel, som har bidratt med flotte naturbilete til Ryfylkekalenderen til Strand Fotoklubb kvart år sidan 2014.
Sissel har òg utmerka seg og vunne i fleire fotokonkurransar på Foto.no og Stavanger Foto, og hennar fotobidrag er ofte å sjå i Stavanger Foto si utstilling.
– Det ligg mykje arbeid bak eit godt bilete. Ofte har eg sett meg ut eit motiv, og veit kva eg vil fotografera, men eg kjem gjerne tilbake 8–10 gonger før lyset og stemninga klaffar, fortel Sissel.
I tillegg til arbeidet på småbruket, har Reidar ei deltidsstilling hjå XL-BYGG Ryfylke si avdeling på Hjelmeland, men han vedgår at det blir travelt å jobba ved sida av førebuingane til den nye reiselivssatsinga i Hetlevik.
– Me har mykje fred og ro på Randøy, og me deler den gjerne med fleire. Sjølv om me ikkje har landa heilt på korleis dei ti nye utleigeeiningane skal bli, kan me allereie nå seia at dei blir små, luksuriøse og komfortabelt innreidde, lovar Reidar.
– Og så vil me prøva å skapa ein wow-faktor i alle einingane, slik at dei blir noko spesielle, og ikkje berre tradisjonelle hytter, legg Sissel til.
Tre generasjonar Helgesen har nytta ressursane i Hetlevik etter beste evne sidan 1937, og Sissel og Reidar set stor pris på at fjerde generasjon har lyst til å driva vidare.
– Nå skjer det så mykje bra i kommunen, og nye næringar dukkar opp heile tida. Takka vera mykje pågangsmot, er det mange unge som er villige til å satsa. For oss er det ein lette at denne perla blir verande i familien, og for kommunen er det viktig at neste generasjon kjem heim, konstaterer Reidar og Sissel.