Fredag 27. desember står Bråg & Sandråg endeleg på scenen igjen, for å lokka fram allsong, dans og god stemning på romjulstreffet på Samfunnshuset.
Det siste året har band-medlemmene samlast opptil to dagar i veka, for å øva inn nye songar til repertoaret. I haust har dei òg fått vokalmessig forsterking av Anne Marie Nielsen Hjorteland.
– Den første gongen me høyrde Anne Marie syngja, sa me at «ho vil me ha med i bandet». I første omgang har ho sagt ja til å vera med oss på spelejobben i romjula, og så får me sjå om ho vil vera med oss vidare, seier Roger Sjursen, som er bassist og manager i Bråg & Sandråg.
Bandet starta som husband for den årlege hagefesten til nabolaget i Mælevegen i Årdal. Etter kvart blei bandet så samspelte at kulturleiar Eldfinn Austigard booka dei inn til å spela for eit større publikum; på Frelsesarmeen sin julekonsert på Jørpeland i desember 2014. Då tok dei namnet Stjernestøv.
– Me blei fleire og fleire for kvart år som gjekk, og på det meste var me åtte faste medlemmer i bandet, fortel Chriss Gjerde, som har vore trommeslagar heilt frå den spede starten som garasjeband i Mælevegen.
I 2017 skifta bandet namn til Steinstøv, før dei året etter landa på Bråg & Sandråg. Namnet er inspirert av moldstormen som førte til at FK-butikken i Årdal måtte selja alle varer til halv pris, og at NorStone varsla planar om sanduttak midt i bustadfelta på flaten i Årdal.
– Me hadde ein heftig diskusjon om namnet skulle skrivast med g eller k, men etter avstemming kom me fram til at det skulle skrivast slik som me seier det, altså Bråg & Sandråg, fortel Sjursen.
Garasjebandet frå Mælevegen blei raskt ein publikumsfavoritt, og dei har spelt fleire gonger på både Treffpunkt Årdal, Norsk Frukt- og Laksefest/Ryfest og Hjelmeland Samfunnshus.
Den førebels siste spelejobben var i samband med Roger og kona Gry sin 50+50-årsdag i september i fjor, og i mellomtida har Astrid Hegreberg Skår, Elin Vestersjø, Helen Tveit Strømsvold og Ståle Tveit Strømsvold takka for seg.
– Ståle var dirigent og musikalsk drivkraft i mange år, og då han og Helen flytta og gav seg, slutta Elin og Astrid òg. Då stod Ole Henrik, Håkon, Chriss og eg igjen, og lurte på kva me skulle gjera nå, fortel Sjursen.
Bandet avtalte at dei skulle bygga opp eit repertoar basert på songane som vokalist og frontfigur Håkon Kyllesø kunne og likte å synga, for å deretter sikta seg inn på ein spelejobb.
– Me hadde etter kvart eit vanvitig langt repertoar, men Ståle tok med seg mykje av dette då han flytta. Sounden hans var ikkje så lett å få med vidare, men me har funne fram mykje anna kult som me kan spela. Og sidan me er eit cover-band, har me lov til å slå oss laus og spela akkurat det som me sjølv har lyst til, seier Gjerde.
Dagens faste besetning består av Håkon Kyllesø (vokal), Roger Sjursen (bass og tangentar), Chriss Gjerde (trommer), Ole Henrik Olsen (gitarar) og John Hulteen (elgitar og trompet).
– Då me fekk med oss John, begynte me å høyrast ut som eit band igjen. I haust har me jobba godt med det musikalske, og alle medlemmene i bandet har utfordra seg sjølv til å bli endå flinkare, seier Roger Sjursen, som gler seg til at Bråg & Sandråg endeleg skal opp på scenen for å møta publikum igjen.