Danselærar Anita Dancheva Nikolova har ca. tjue års erfaring som danselærar, og har dei siste to åra arbeidd i Hjelmeland kulturskule. Torsdag denne veka står ho bak si tredje danseframsyning i Hjelmeland.
– Me skal visa seks forskjellige dansar og eitt fellesnummer på slutten. Til saman har me øvd inn dans til ti songar, seier Nikolova til Mitt Hjelmeland.
Medan ungane øver og hjelper kvarandre med dansetrinna på scenen, fortel Nikolova at både ho sjølv og ungane gler seg veldig mykje til framsyninga.
– Eg likar alt med dans; frå koreografi til kostyme, og å sjå barna kjempeglade, seier Nikolova.
I år har Hjelmeland kulturskule 30 aktive dansarar, og nesten alle danseelevane skal delta på danseframsyninga.
Rektor i kulturskulen, Hans Widerøe, synest det er stas å kunna tilby danseundervisning til elevane i Hjelmeland, i tillegg til undervisninga som dei tilbyr i song, foto og film, samt ti forskjellige musikkinstrument.
– Dans er ein flott kunstart, der ungane får læra seg både rytme, koordinasjon og samarbeid i éi og same uttrykksform, fortel rektor i Hjelmeland kulturskule, Hans Widerøe.