Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Anne-Berit blei overraska med romjulskonsert

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

Sundag 29. desember var 225 personar samla til hemmeleg konsert i Hjelmeland kyrkje, til ære for Anne-Berit Rinde Bjelland, som har vore kantor i kommunen i heile 40 år.

I dei siste 40 åra har Anne-Berit Rinde Bjelland vore ein sentral skikkelse i kyrkje- og musikklivet i Hjelmeland, og allereie i 2011 blei ho tildelt Hjelmeland kommune sin kulturpris.

OVERRASKINGSKONSERT: Anne-Berit Rinde Bjelland blei heidra med romjulskonsert i Hjelmeland kyrkje, i samband med at ho har vore kantor i Hjelmeland i 40 år. I reportasjen får du sjå eit utdrag frå nokre av innslaga. (Film: Morten Hetland)

Den siste sundagen i 2024 blei ho overraska med ein romjulskonsert, der initiativtakar Kristin Bringaker Kleppa hadde samla eit breitt utval av dei musikalske kreftene som Anne-Berit har samarbeidd med gjennom dei siste fire tiåra.

– Eg trur eg har brukt tre kvart år på å førebu denne konserten, fortel Kristin Bringaker Kleppa til Mitt Hjelmeland.

Sidan Anne-Berit vanlegvis tek seg av både dirigering og akkompagnering i kyrkja, bidrog Martin Haug Tieghem og Michaela Tetens med akkompagnement for høvesvis songarar og instrumentalistar, medan Aud Grimstad var dirigent-vikar for Hjelmeland Kyrkjekor.

KYRKJEKORET: Til vanleg er Anne-Berit dirigent for Hjelmeland Kyrkjekor, men på sundag steppa Aud Grimstad inn som vikar, då koret framførte «Mitt hjerte alltid vanker». (Foto: Morten Hetland)
RYGJALJOM: Ein flott versjon av «The Little Drummer Boy» blei framført av blandakoret Rygjaljom, med dirigent José Altamirano i spissen. (Foto: Morten Hetland)

– Til denne konserten, kjære Anne-Berit, har du sluppe å organisera, invitera, transponera, transkribera, instruera og innstudera. I kveld skal du sleppa å springa opp og ned, og instruera og akkompagnera, på både piano og orgel. Og du slepp å skifta sko. Du skal få lov til å vera publikum, sa Kristin Bringaker Kleppa, då ho opna kveldens program.

Det blei ei høgtidleg opning med «Processional Fanfare» av Keith Snell, framført av Rikke Kleppa og Elisa Krämer på trompetar, som òg hadde kvar sine instrumental-nummer saman med Michaela Tetens på piano. Etter fanfaren følgde ei rekkje musikalske innslag, som spente frå kyrkjemusikk og klassiske verk til meir moderne og rytmiske innslag. Konserten bar tydeleg preg av at Anne-Berit opp gjennom alle år har inkludert både unge og erfarne musikarar i arbeidet sitt.

FLØYTEMUSIKK: Gunnhild Øygard Dale framførte ein flott Händel-sonate saman med Michaela Tetens på piano. (Foto: Morten Hetland)
KOLLEGA: Ingebjørg Vik Laugaland framførte «Forteljinga om ein tone», og leia allsongen til pinse-salmen «Lytt til alle tonane i verda», som ho sjølv har skrive saman med Anne-Berit. (Foto: Morten Hetland)
VART OG VAKKERT: Rita Sørensen-Mjølhus song Carola-låta «Himlen i min famn», og blei akkompagnert av Martin Haug Tieghem. (Foto: Morten Hetland)

Blant dei mange sterke innslaga vil Mitt Hjelmeland trekka fram Hjelmeland Kyrkjekor si framføring av «Mitt hjerte alltid vanker», den gripande «Himlen i min famn», framført av Rita Sørensen-Mjølhus, samt Suldal-organist Martin Haug Tieghem sin instrumental-versjon av «I en natt», der han trakterte både orgel og el-gitar med loop-pedal. Blandakoret Rygjaljom framførte dessutan ein flott versjon av «The Little Drummer Boy».

Gunnhild Øygard Dale leverte ein vakker Händel-sonate, medan dottera til Anne-Berit, Astrid Bjelland, briljerte med tverrfløyta på «Fantasi for fløyte og piano» av Georges Hüe. Michaela Tetens spelte piano på begge desse instrumentale innslaga.

Elles kan ein òg nemna Astrid Grimstad Valheim og Ingrid Elise Sigmundstad, som song «Klokkene kallar». To av Anne-Berit sine kollegaer i kvartetten Ryfylkeklang – Kristin Sandvik og Kristin Bringaker Kleppa – framførte «Sangen om gleden» i tostemt harmoni. Dei yngste fekk òg sin plass i konsert-programmet, då Liva Mjølhus, Ida Hausken og Sunniva Romsø Øye framførte «Vestlandet», kjent frå MGPjr 2016.

VESTLANDET: Liva, Ida og Sunniva song «Vestlandet», kjent frå MGPjr 2016. (Foto: Morten Hetland)

– Det er nesten så eg får lyst til å seia at det må bli ein tradisjon, sa Kristin Bringaker Kleppa, då ho skulle oppsummera konsert-opplevinga.

Hovudpersonen sjølv nytta òg høvet til å takka alle dei medverkande og frammøtte.

– Eg har aldri i mitt liv blitt så sjokkert og overraska og himmelfallen, og alt på éin gong! Det var ei stor glede! Heilt fantastisk! Takk til alle som har gjort denne kvelden, utbraut Anne-Berit Rinde Bjelland, før heile salen reiste seg og stemte i på «Deilig er jorden».

LOVORD: Etter konserten var det mange som ville helsa på Anne-Berit (til venstre), mellom anna Liv Laugaland (delvis gøymd), Aslaug Kleppa og Lillian Thornquist (til høgre). (Foto: Morten Hetland)

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print
Bli varsla om oppdateringar? OK Nei, takk