Ekteparet Mikal O. Viga og Astrid Fossaa Viga blei tildelt Hjelmelandsprisen 2014 for å ha marknadsført røykjelaks frå Hjelmeland langt utover Hjelmeland sine grenser.
I femten år har Mikals Laks AS røykt og pakka ulike lakseprodukt i produksjonslokala på Jøsneset. Astrid og Mikal gler seg over at haldningane til lokalprodusert mat har endra seg drastisk sidan den spede oppstarten.

I Stavanger drog Helgø Matsenter i gang ein strategi om å tilby kundane sine lokalmat. Seinare heiv òg andre butikkjedar seg på den nye trenden.
– Det har i seinare tid blitt meir fokus på at folk vil kjøpa mat som er produsert lokalt, og som ikkje har reist rundt halve jordkloda, fortel Astrid, som er dagleg leiar i familiebedrifta. Mikal kallar seg sjølv berre for lakserøykar og ærendsgut, men han har òg gjort mykje arbeid med å promotera røykjelaksen med plakatar, PR-stunt, messer og reklamefilmar.
– Det nyttar ikkje å stå på Jøsneset med verdas beste røykjelaks, viss ingen veit om den. Viss ein vil selja noko, så må ein ha ei god historie å fortelja; det er i alle fall heilt sikkert! Ein må ut og visa fram produktet til folket. Ein må vera sosial, jabba litt, lika folk – og sjølvsagt må ein lika fisk, slår Mikal fast.
– Eg jobbar og han jabbar, legg Astrid spøkjefullt til.
– Neidå, både eg òg Mikal er med på alle prosessane i bedrifta, presiserer ho.
TRADISJONSRIKE OPPSKRIFTER
Røykeriet på Jøsneset er tufta på tradisjonsrike oppskrifter. Mikal meiner at alle prisane som Mikals Laks AS har vunne for produkta sine, er bevis på at det gamle er best.
– For det første må me byrja med skikkeleg råstoff, og der er laksen frå Hjelmeland av høg kvalitet. Så er det òg viktig at ein ikkje juksar undervegs, men at ein held seg til tradisjonane og fokuserer på å gjera eit skikkeleg handverk, lyder Mikal sin filosofi.

Mikal er oppvaksen i ein fiskarfamilie, og både tippoldefaren, oldefaren, bestefaren og faren hans dreiv med røyking, salting og speking av fisk. I eldre tider var det viktig å kunna konservera fisken gjennom røyking.
– Me tek vare på røtene våre. Alle produkta er laga etter tradisjonsrike oppskrifter, men i moderne innpakking med mindre salt, forklarer Mikal.
– Dessutan er røykjelaksen vår produsert på ærleg vis, utan noko juks. Medan mange andre produkt på marknaden får kunstig røyksmak og saltinnsprøyting, tørrsaltar me ferske råvarer, og prosessen byrjar oftast den same dagen som laksen blir slakta, utdjupar Astrid.

DEN SPEDE STARTEN
Mikal er stolt over at grunnlaget for Mikals Laks AS blei lagt av forfedrane hans på Hundsnes. Bestefaren hans sette opp sitt eige røykeri, og åra gjekk sin gang.
Mikal vaks etter kvart til, og fatta snart interesse for å driva fiskerøykeri.
– Eg bygde mitt eige røykeri og kjøpte fisk av foreldra mine som dreiv med fiskeoppdrett. Etter kvart kom det fleire kundar, både turistar og fastbuande, innom og ville ha røykjelaks. Blant kundane var òg bedriftsleiaren i eit stort farmasøytisk selskap i Sveits, fortel Mikal, og undrar seg over at dei var interesserte i laksen som han røykte i ein heimelaga røykjesilo, og pakka i kjellaren, utan å ofra ein einaste tanke til dei strenge hygienekrava som andre matprodusentar måtte følgja.
Du skal vita kva du stappar i kjeften.
Mikal O. Viga, lakserøykar
– Bedriftsleiaren bestilte 300 røykjelakssider det første året. Eg takka ja til jobben, men tenkte ikkje over alt arbeidet som følgde med. Røykjesiloen hadde berre plass til 60-80 laksesider om gongen, og kvar røykjeprosess varde om lag fem dagar. Når røykjelaksen endeleg var ferdig, kom eg på at eg mangla eksportlisens, så me måtte dels smugla laksen inn i landet. Året etter blei det bestilt 600 laksesider av det same firmaet, og som året før takka eg ja og fekk smugla laksen inn i Sveits. Det tredje året blei bestillinga igjen dobla, men dei 1.200 sidene med røykjelaks blei stoppa på grensa, fortel Mikal.
Bedriftsleiaren skulle ha røykjelaksen som julegåver til dei tilsette i bedrifta si, og Mikal fekk raskt ei ildsint telefonoppringing.
– Han lurte på kva useriøst selskap dette var, og ironisk nok var det jo akkurat det eg var. Då bestemte eg meg for at eg anten måtte slutta av, eller gjera noko meir med røykjeriet. Eg valde sistnemnde, og sette straks i gang med å få på plass hygieneforhold og eksportlisens, fortel Mikal.
Mikal meinte at det måtte gå an å laga betre røykjelaks enn den som allereie var på marknaden. Hjelmeland kommune selde han bygget som Mikals Laks AS framleis driv i, og om lag eitt år seinare var ombygginga ferdig.
ENORM AUKE
I startfasen dreiv Mikals Laks AS berre med småproduksjon i høve til dagens produksjon på 150-200 tonn.
– Den største marknaden vår er i Ryfylke og Stavanger-området, men me sel òg til Oslo og Kristiansand, samt noko eksport til Frankrike, Sveits, Austerrike, Tyskland og Luxembourg, fortel Astrid.

Det er mange år sidan Astrid blei ein del av bedrifta, saman med Mikal. I travle periodar er òg borna deira, Maren og Odd, medhjelparar i familiebedrifta.
– Det går stort sett greitt, men av og til kan det sjølvsagt røyna på, særleg i periodar med mykje jobbing. Sesongane varierer, og me har veldig lange dagar før jul, då me legg grunnlaget for om lag 20 prosent av årsomsetnaden i løpet av nokre få veker, forklarer Astrid.
– Me hadde ein hektisk sommar i fjor. Då sa eg til sonen «Dette er jo kjekt!», men han var sliten, fekk ikkje trena og var heilt utpest om kveldane. Då kikte han meg berre inn i augo og sa «Sel driten», så akkurat no ser det ikkje lovande ut med noko overtaking, fortel Mikal, og legg til:
– Eg tykkjer dette er kjekt, og har lyst til å driva lakserøykeri, men som faren min alltid sa: Å halda på med noko for seg sjølv inneber at ein må gjera dobbelt så mykje arbeid, og får halvparten så mykje igjen for det. Men folk forandrar seg jo, så me håpar at borna kjem heim igjen, og at i alle fall éin av dei vil overta, avsluttar Mikal O. Viga.






