Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Utan tvil ein solid revy

Picture of Geir Magne Staurland

Geir Magne Staurland

Folka bak Hjelmelandsrevyen leverte varene i år òg – og vel så det. Terningen til Mitt Hjelmeland viser fem auger.

Eg kan ikkje la vera, eg må seia det som det er, på pur hjelmelandsk: Det eg nettopp opplevde var ein feiande flott revy, som dei hadde lova i sjølve tittelen.

«Hjelmelandsrevyen 2014: Feiande flott!» tar føre seg mykje. Blant anna fleire av dei sedvanlege problema ein heilt vanleg hjelmelandsbu stadig møter: Alt frå når Felleskjøpet har halv pris på alt ein kan sjå, og kjøpelysta tar fullstendig overhand, til når feiaren kjem berre for å skapa seg og gjera seg vrang, eller ikkje minst den ikkje-vaskbare og langtidssittande silolukta som me må streva med dag etter dag.

KØ: Det blir kø på Felleskjøpet når alle varene må seljast til halv pris. (Foto: Egil Ulvestad)

Korleis sentraliseringa vil setta våre liv på spel, når heile det offentlege vesenet forblir surrande rundt i vårt lille Hjelmeland-univers utan vegnamn, får me òg ein kikk på.

VEGAR UTAN NAMN: Taxisjåføren, brannvesenet, Posten, Politiet og ambulansetenesta slit med å finna fram i Hjelmeland; der vegar ikkje har namn. (Foto: Egil Ulvestad)

Ein får sjå ungdomstaxien, eller bør eg kalla han prinsipptaxien, som skal paragrafera ditt og datt for å gjere seg vanskeleg. Ein får sjå god kommunesatire og Hjelmeland sin einaste kjendis, nemleg fylkeskånå. Dei strevsame hyklarane ein finn i kvart eit samfunn får me òg portrettert.

UNGDOMSTAXI: Reglane for ungdomstaxien er så kompliserte å forstå, at dei fortener eit revynummer. (Foto: Egil Ulvestad)

Det er klart at ikkje alle som står på scenen er like flinke til å syngja, men uansett korleis vokalane utspelar seg, står det instrumentale støtt i bakgrunnen, same kor mykje haltande karaokestøy som kan bli tilfelle. No var det aldeles ikkje så gale, altså. Spesielt ikkje når Mathilde Jordal Breivik entra scenen med sin stemme, det er då me forstår at stemmeprakt òg er å oppdriva i teaterlagets repetoar.

STEMMEPRAKT: Mathilde Jordal Breivik beviser at det òg finst stemmeprakt i teaterlagets repertoar. (Foto: Egil Ulvestad)

Lyrikken som er laga til revyen er bra. Blant dei 24 innslaga i dei to aktene er det Magnar Riveland sine tekstar som skil seg særleg ut.

Det skal ikkje stå på mangel på imitasjonar i denne lokalrevyen. Tvert i mot: Eldfinn Austigard får sin eigen velfortente ballade frå Morten Hetland. Same person lagar òg ein skarp Åsmund Sigmundstad på scenen. Men det er ingen som passar like godt inn i rolla si som Nina Gjestvang-Knutzen når ho er ei blond, fjollete og heller dum ung tenåringsjente.

TENÅRINGSJENTE: Nina Gjestvang-Knutzen kler rolla som blond, fjollete og dum. (Foto: Egil Ulvestad)

Improvisasjonen frå Øyvind Pedersen, når han byter mellom fleire forskjellige utanlandske songsjarmørar på måfå, er òg særdeles latterframkallande. Eller når same mann drar populærmusikk inn i det som utviklar seg til ein aldri så liten medley.

INTERNASJONALT: Øyvind Pedersen byter mellom utanlandske songsjarmørar på måfå, i eit reint improvisasjonsnummer. (Foto: Egil Ulvestad)

Dessutan er det kjempekarsleg når to eldre herremenn, Anders Smith og Peter Sigmundstad, driv sin trubadur med kontrabass og gitar.

TO ELDRE HERRAR: Anders Smith og Peter Sigmundstad er kjempekarslege med kontrabass og gitar. (Foto: Egil Ulvestad)

«Hjelmelandsrevyen 2014: Feiande flott!» er utvilsamt ein godt laga og underhaldande revy, gjennomsyra av fleire treffande tema. Likevel kan ein lett argumentera for at den passar best for dei litt eldre, men det er vel sånn det skal vera? Ein kan ikkje treffa alle på ein og same gong. Det må rettas ein stor takk til alle skodespelarane for ein flott levert revy, det ligg mykje arbeid bak ei slik førestilling og dei fortener all skryt og ros. Det blir ein terning med heile fem auger frå Mitt Hjelmeland denne gongen.

Til slutt må eg spørja: Er det berre eg som ynskjer å sjå Øyvind Pedersen som Jeppe på Bjerget?

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print
Bli varsla om oppdateringar? OK Nei, takk