Verdas yngste sørpolfarar heiter Karen Malena Kyllesø, og kjem frå Årdal i Hjelmeland i Ryfylke i Noreg.
Karen si bragd er ein internasjonal verdsrekord. I løpet av 54 dagar har 21-åringen målretta traska 1133 kilometer åleine på ski, fram til ho endeleg nådde Sørpolen måndag 13. januar kl. 23:11.
Ti dagar seinare landa ho endeleg på norsk jord, og vel heime i Årdal blei ho tatt varmt imot av sambygdingar og tilreisande venner og familie.

– Takk for 54 spanande dagar! Og så håpar eg at du klarer å nyta dette her skikkeleg, før du begynner å planlegga neste prosjekt, for eg er ikkje sikker på at me har nervar til det heilt endå, sa sambygding og ordførar Anita Husøy Riskedal i velkomsttalen sin.

– Du er ein helt, av aller beste sort. Eller for å sitera faren din: Ein heldig kombinasjon av gode gen, påpeika ordførar Riskedal, før ho overrekte eit sølv-armband som gåve frå Hjelmeland kommune.
Vigdis Eidsvåg framførte «You Are the Sunshine of My Life», akkompagnert av Hjelmeland Storband. Leiar i Årdal Bygdaråd, Ruth-Iren Krogevoll Sie, overrekte ein pulk stappfull av lokalmat til den heimkomne polfararen.

– Tusen takk til alle som har møtt opp, og for alle dei fine plakatane. Herlighet… Heilt overvelda…, utbraut Karen sjølv, då endeleg fekk overta mikrofonen.
