Nippon Gases er det fjerde største industrigass-selskapet i Europa, og sidan august 2023 har selskapet jobba for å etablera ein ny gassfabrikk på Vighedlå Industriområde på Viganeset.
Selskapet har undersøkt fleire alternative plasseringar for den nye gassfabrikken, mellom anna i nærleiken av Årdal Aqua, men Viganeset er den einaste plasseringa der det er mogleg få tilgang til både straum, luft og vatn.
I tillegg trekk Nippon Gases fram fordelen av at dei har fleire kundar i den lokale oppdrettsnæringa
– Etableringa på Viganeset vil gje kortreist forsyning av oksygen til oppdrettsnæringa. Me er allereie leverandør av oksygen til dei landbaserte oppdrettsanlegga Årdal Aqua og Tytlandsvik Aqua, og med fabrikken på Viganeset slepp me å kjøra gassen frå Rjukan eller fabrikkar andre plassar i landet, seier teknisk direktør (CTO) i Nippon Gases Norge AS, Terje Wold til Mitt Hjelmeland.
Fabrikken skal i hovudsak produsera oksygengass, men òg nitrogengass, ved å kjøla ned lufta frå omgjevnadene til flytande form, og deretter skilja oksygen og nitrogen frå kvarandre.
– Produksjonsanlegget skal ta inn 16.000 kubikkmeter luft per time frå omgjevnadene rundt fabrikken. Når gassen er kjølt ned og destillert, skal den flytande gassen renna inn i store lagertankar, som vil halda ein temperatur på ca. 180 minusgrader, forklarer Wold, og legg til at fabrikken ikkje vil forureina miljøet.
– Me bruker berre luft, straum og litt kjølevatn til dei store kompressorane. I sjølve produksjonen vil det ikkje vera miljøutslepp, konstaterer Wold.
Ved full produksjon vil det i gjennomsnitt kjøra seks tankbilar dagleg frå Viganeset til kundar innan fiskeoppdett, prosessindustri og offshoreindustri i Rogaland og resten av Vestlandet.
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har sendt prosjektet ut på høyring. I risikovurderingane blir det konkludert med at risikoen er akseptabel, og at det er svært lågt sannsyn for alvorlege hendingar i samband med gassproduksjonen.
– Me handterer ikkje verken brennbare eller eksplosjonsfarlege gassar, og produksjonen er basert på veldig kjent teknologi. Det verste som kan skje, er ein lekkasje av flytande oksygen eller nitrogen. Dette handterer me ved at gassen blir leia ned i ei steinfylling, slik at den kan fordampa derifrå, forklarer Wold.
Dersom det skulle oppstå ein brann hjå naboane til den planlagde gassfabrikken, kan i verste fall lagertankane med opptil 600 tonn oksygen vera ein katalysator for brannen. Det er likevel svært liten risiko for at dette skal skje, og Nippon Gases sine risikovurderingar er gjort med utgangspunkt i at det allereie eksisterer eit bunkringsanlegg for hydrogen til MF «Hydra» i nærleiken av den planlagde gassfabrikken.
– Me legg opp til at alle risikoane blir handterte innanfor vårt eige gjerde, og ikkje skal få negative konsekvensar for naboane, seier Wold.
Nippon Gases har bede Hjelmeland kommune om å gje selskapet garantiar for framføring av vatn og avløp fram til tomtegrensa, samt eit anleggsbidrag for framføring av straum på maksimalt 8,5 millionar kroner.
Formannskapet i Hjelmeland har gitt kommunedirektøren fullmakt til å gje garantiar for tilrettelegging av infrastruktur som straum, vatn og avløp innanfor handlingsrommet for offentleg støtte.
Sjølv skal selskapet investera for godt over 300 millionar kroner i fabrikken, og anslår å bruka minst 100 millionar kroner på leveransar frå lokale leverandørar.
– Me vil bruka lokale leverandørar til grunnarbeid, fundamentering, elektriske anlegg, ventilasjon, røyrleggjarar og framføring av høgspent, altså alle andre fag som trengst for å bygga eit slikt produksjonsanlegg. Sjølve prosessanlegget må me kjøpa frå Italia, då det ikkje finst produsentar av slike anlegg i Noreg, forklarer Wold i Nippon Gases.
Fabrikken sitt årlege straumforbruk ved full produksjon blir ca. 30–40 GWh, og fabrikken vil bidra til auka lokal sysselsetjing.
– Eit produksjonsanlegg av denne storleiken vil normalt sysselsetja ca. 10 årsverk. Det vil vera éin heiltidstilsett operatør på fabrikken, og i tillegg vil forskjellige service- og transporttenester bli kjøpte av det lokale næringslivet, seier Wold.
Så langt er Nippon Gases godt i gang med planlegginga, og teknisk direktør Terje Wold reknar med at fabrikken vil vera ferdigstilt i løpet av første halvår i 2027.
RETTING:
I ein tidlegare versjon av saka stod det Hjelmeland kommune ville få auka inntekter frå sal av konsesjonskraft på ca. 15 millionar kroner årleg. Dette er ikkje riktig, då kraftkrevjande industri ikkje blir medrekna i grunnlaget for kommunen si konsesjonskraft.