Det blei ei samling utanom det vanlege for skigruppa til Hjelmeland Idrettslag sist fredag. For denne gongen var det ikkje berre trening som stod på programmet. Mitt Hjelmeland hadde dukka opp, med kamera og… ein blomst.
– Mitt Hjelmeland er her i dag, fordi me vil dela ut ein blomst til Stian. Stian har alltid stilt opp på alle treningar i alle år, og treningane kjem som nummer éin på fredagane, så han kan me alltid stola på, sa Jofrid Hia, før ho overrekte månadens blomst for januar 2025 til Stian Hetlelid.
Eller rettare sagt: Grunna bitande kulde på Ramsbu denne ettermiddagen, måtte sjølve blomsten delast ut inne i idrettshallen etter treningsøkta.
Stian har vore trenar i skigruppa i heile 15 år. Han begynte å engasjera seg då den eldste dottera hans begynte i første klasse og melde seg på skitrening. I alle åra etterpå har han vore ein sentral del av skimiljøet i Hjelmeland.
– Eg har alltid hatt ungar som har vore med, og det har vore fint å få tid saman med dei. Dessutan gjer det godt med litt aktivitet, fortel Stian.
Jofrid understrekar kor viktig Stian sin innsats har vore, både for ungane som deltek og for skigruppa som heilskap:
– Han er der for alle ungane, og støttar både dei som går på treningane og sine eigne ungar. Han er ein viktig del av miljøet i skigruppa, og bidreg sterkt til at alt fungerer. Stian kan både ta initiativ til varierte aktivitetar og gode øvingar for å bli betre på ski, men han ser òg verdien i at ungane får vera med berre for å leika og ha det kjekt saman, meiner leiaren i skigruppa.
Skigruppa har utøvarar frå første klasse til vidaregåande. Trenarane legg opp til at treningane skal vera inkluderande, med felles oppstart og felles avslutning, men dei passar òg på å dela utøvarane etter alder og nivå, slik at alle får utfordra seg sjølv.
– Det handlar først og fremst om å koma seg ut og ha det kjekt. Alle blir litt betre når dei er med, og alle har litt godt av det, slår Stian fast.
Erlend Widerøe Hennig er òg trenar i skigruppa, og legg til:
– Det er ein draum å vera trenarkollega med Stian. Er det ein mann du kan spørja, så er det han. Uansett kva oppgåve han får, er svaret alltid: «Ja, eg fiksar det.» Han er sikker som banken og stiller alltid opp.
Med rundt 20 medlemar i skigruppa, og eit gjennomsnittleg frammøte på 15 deltakarar på treningane, er det tydeleg at innsatsen til trenarane betyr mykje.
– Det gjev så mykje å vera på skitrening; det trur eg me alle synest. Det er kjempekjekt å vera saman med desse ungane, som berre kosar seg. Eg trur det er difor folk blir verande så lenge som trenarar. Det er kjekt, og det gjer godt, konkluderer Jofrid Hia, som fekk dela ut månadens blomst for januar.
Månadens blomst
Kvar månad deler Mitt Hjelmeland ut månadens blomst til månadens blomst.
Månadens blomst for januar gjekk til Stian Hetlelid, og blei delt ut av Jofrid Hia.
I februar er det Stian Hetlelid sin tur til å dela ut ein blomst til ein hjelmelandsbu som han meiner fortener den.