Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Mellom tru, tvil og håp

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

Kari Veiteberg, Sherin Khankan og Espen Gilsvik møttest til ein open og nær samtale om kristendom, islam, tvil, ambivalens, kvinnelege førebilete og trua som kraft i eit usikkert samfunn.

Då Foreningen Kobbasteinen Kulturgard og Hjelmeland sokneråd arrangerte demokratisalong på Kobbasteinen Kulturgard i kveld, var utgangspunktet for samtalen «Kva er tru i 2026?».

Religionssosiolog Espen Gilsvik innleidde kvelden og leia samtalen mellom tidlegare Oslo-biskop Kari Veiteberg og den dansk-syrisk-finske imamen Sherin Khankan.

– Ryfylke har ei kristen arv, som for mange kanskje har vore prega av alvor, men òg fellesskap og pietisme. For somme har trua vore noko som bar gjennom krise og det som var vanskeleg. For andre har trua vore knytt til for strenge reglar, normer, kontroll, skam og avstand. For andre igjen har ho gjeve retning, håp og forplikting. Dette er trua sin kompleksitet, sa Gilsvik.

Då publikum blei inviterte til å koma med eigne assosiasjonar til ordet tru, kom det svar som håp, grunnmur, livsglede, kjærleik, anker, usikkerheit, identitet, magi, fellesskap, undring, spiritualitet, respekt og tillit. Slik blei tonen sett for ein samtale der deltakarane utforska tru som noko levd, erfart og mangfaldig.

PANELET: Du kan høyra heile samtalen mellom Kari Veiteberg, Sherin Khankan og Espen Gilsvik i podkasten «Samtalar på Kobbasteinen». (Foto: Morten Hetland)

– Eg trur på ei kristen tru, på Gud, Jesus og Den heilage ande. Eg stoppar altså ikkje med Gud. Eg må ha eit levande liv som eg følgjer etter, og som heiter Jesus Kristus. Og så trur eg at grava var tom, rett og slett. Det treng eg både eit heilt liv, eit heilt kyrkjeår, mykje spørsmål og mykje undring for å finna ut av. Men der er eg, sa Veiteberg.

Sherin Khankan fortalde på si side om ein fleirkulturell oppvekst, med syrisk far og finsk mor.

– Mor mi er truande kristen og far min er truande muslim. Søstera mi og eg voks opp i ein familie der me feira jul med mor, gjekk i kyrkja med mor, fasta saman, og bad vår islamske bøn med eit juletre i bakgrunnen. Eg har vore veldig heldig og velsigna, fordi foreldra mine klarte å sameina ulike religionar og kulturar, sa Khankan.

Khankan er kjend som den første kvinnelege imamen i Norden og som grunnleggjar av Mariam-moskeen i København, ein moské med kvinnelege imamar. Ho seier at Mariam-moskeen er eit forsøk på å institusjonalisera islamsk feminisme i Danmark, og meiner at førestillingane våre raskt kan endra seg når nye rollemodellar blir synlege.

Då den eine dottera hennar var fire år, hadde ho ei venninne på besøk. Venninna spurde: «Kva er ein imam?» Dottera svara: «Veit du ikkje det? Ein imam er ei kvinne som gjer veldig viktige ting.»

– Då forstod me at det er mogleg å endra ein patriarkalsk struktur, ein patriarkalsk tradisjon som har vore normalisert i mange hundre år, i medvitet til ei lita fire år gammal jente på eitt sekund, sa Khankan.

LYDHØYRE: Publikum var lydhøyre då panelet samtala om tru. (Foto: Morten Hetland)

Kari Veiteberg kjende igjen mykje av dette frå si eiga historie som kvinneleg prest.

– Eg tilhøyrer ein generasjon der det innimellom har vore vanskeleg og tungt å vera kvinneleg prest. Me har ikkje vore så mange, og det er ikkje alle stader me har vore ønska. Når eg fortel dette til kvinner i dag, skjønar dei det ikkje heilt. Men eg har vigsla ei kvinne som ikkje var ønska i delar av landet, så det finst endå, sa Veiteberg.

Samtalen handla ikkje berre om personleg tru, men òg om demokrati, språk og korleis menneske omtalar kvarandre. Veiteberg fortalde frå tida som biskop i Oslo, der Den norske kyrkja i fleire bydelar er ein minoritet mellom mange andre trussamfunn og livssyn.

– Me opplevde at skjellsorda i skulegarden var «jøde», «homo» og «pakkis». Det er ein måte å omtala kvarandre på som me måtte gripa fatt i. Me kan snakka om religionsdialog og livssynsopne samfunn, men dette er av nødvendigheit. Me kan ikkje vera slik mot kvarandre, sa Veiteberg.

Ho delte eit råd ho hadde lært av ein dansk biskop: Når du skal omtala ein annan religion, spør nokon som faktisk utøver den religionen. Ikkje samanlikn det beste i di eiga tru med det verste i andre si tru. Og våg gjerne å misunna den andre religionen.

– Tenk om leiarane i verda ville utvist ei slik ånd, sa Veiteberg.

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print