Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

– Det er aldri for seint å få eit bustadproblem

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

– Korleis me bur, har mykje å seia for korleis me lever, òg når me blir eldre.

Dette var utgangspunktet då Kobbasteinen Kulturgard inviterte til demokratisalong for å snakka om alderdom, bustad og ansvar i ei tid der både levealderen og presset på helse- og omsorgstenestene aukar.

VIKTIG TEMA: Gjennomsnittsalderen til dei frammøtte på dagens demokratisalong vitnar om at tankar om korleis ein vil planleggja for sin eigen alderdom er viktig for denne aldersgruppa. (Foto: Morten Hetland)

Ordstyrar John N. Nessa innleia samtalen med å fortelja om 98 år gamle Martha Selvåg Larsen, som i juli blei skriven ut frå sjukeheimen, fordi ho var for frisk.

– Dermed klarte Martha å skaffa seg eit buproblem, 98 år gammel. Så poenget mitt er at det aldri er for seint å få eit bustadproblem, konstaterte Nessa, samtidig som han understreka at nettopp derfor er det klokt å tenkja gjennom bustad og buform før livet tar ei uventa vending.

Samtalen krinsa vidare rundt bustaden som meir enn ein stad å bu. Endra livssituasjon, tap av partnar og svekt helse gjer spørsmålet om kor og korleis ein bur stadig viktigare. 

– Kven veit kva som skjer vidare i livet; både med helsa og med partnarskap? Blir me åleine, eller har me framleis eit fellesskap? Og det fellesskapet kan me starta med å førebu mange år før me blir pensjonistar, meiner Anne Lise Syversen.

Bufellesskap for seniorar, klyngetun og små landsbyar blei løfta fram som ulike alternativ mellom det å bu i heimen der ein «alltid» har budd og det å flytta på institusjon. Erfaringar frå både Noreg og utlandet viser kor viktig «rommet mellom husa» er, som møteplass, sosial arena og vern mot einsemd.

Kirsti Lærdal har ein doktorgrad i sosiale relasjonar i offentlege rom, og har på sine eldre dagar flytta inn i Vålandstun, saman med ektemannen Sjur.

ÅLEINE I FELLESSKAP: Kirsti Lærdal viste bilete og fortalde om Vålandstun, der ho bur saman med mannen Sjur. Her har dei si eiga leilegheit, men òg høve til å vera sosial med dei andre som bur i dei fem husa. (Foto: Morten Hetland)

– Dette er ein heilt ny måte å bu på. Det er ein sosial bustad, der folk har flytta inn fordi dei vil eiga sin eigen leilegheit, og samtidig dela fellesareal med dei andre som bur i desse husa. Alle trivest, ser det ut for, og me har fridom til å koma og gå som me vil, fortel Lærdal.

Camilla Haug Flem er tidlegare kommunalsjef for helse og omsorg i Hjelmeland kommune, medan Evy-Ann Øye er nytilsett som fagleiar på bustadkontoret i den same kommunen. 

Flem og Øye peikar på store utfordringar for kommunane i tida framover, mellom anna mangel på helsepersonell og lange avstandar i distrikta. Samtidig var bodskapen klar: Eldre er ikkje berre mottakarar av hjelp; dei er òg menneske med ressursar, erfaring og vilje til å bidra.

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print