Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Dei unge gamle

Picture of Magnar Riveland

Magnar Riveland

Då eg var liten var gamle folk gamle. Folk blei grå ganske tidleg. Ikkje berre i håret. Dei var generelt grå.

Dette kåseriet gjev uttrykk for forfattaren si meining.

Det var ingen mannfolk på 60 som køyrde motorsykkel og hadde ring i øyret. Eller jo, det var nokon som køyrde motorsykkel, men det var dei som ikkje hadde lappen på bil og som hadde køyrt motorsykkel i all si tid.

Og det var ikkje ein fargerik, japansk dødsmaskin med toppfart på 270 kilometer i timen dei hadde mellom beina. Det var ein Tempo med to sykkelsete.

Heilt vanlege sykkelsete.

Motoren var sjeldan større enn 125 kubikk. Og motorsykkelen var grå, nett som føraren.

Og føraren hadde aldri ring i øyret.

Han brukte ikkje hjelm i friske fargar heller.

Han brukte sixpence.

Som var grå.

Det var ingen damer på 60 som gjekk i rosa tights og trena zumba då eg var liten. Det var for så vidt ingen som trena zumba, uansett alder, den gong, men det var i alle fall utenkjeleg for damer på 60.

Det var forresten ikkje berre tights som var ukjent for damer på 60 den gong. Det var ingen som gjekk med bukser heller.

Damene gjekk for det meste i kjole med forkle utanpå, og ei kåpe om dei skulle ut på noko, og mannen hadde tid til å køyra dei dit dei skulle. Enten med bilen, vanlegvis ein Ford Cortina, Volvo Amazon eller Opel Kadett, eller med den grå motorsykkelen.

Håret var naturleg grått, trur eg, under skautet.

Og det var ikkje trening dei skulle på.

Viss dei ikkje skulle handla, skulle dei på foreining.

Trass i PlayStation, Facebook, Twitter og smarttelefonar: Ungar er ungar, i dag som den gong. Ungdom er ungdom, i dag som den gong. Vaksne er vaksne, i dag som den gong. Men dei gamle har blitt kolossalt mykje yngre.

Enkelte vil kanskje seia at det berre er eg som byrjar å bli gammal, men det ser eg som ei vederstyggeleg svak forklaring.

Det er ikkje så lett å skilja verken dei vaksne eller dei unge frå dei gamle i ei tid der 60-åringane syklar Birken og chattar på «face».

Stundom gjekk det an å vera i tvil før også, om du møtte på ein gamling som ikkje var heilt grå, men det fanst ein siste test som kunne avgjera om folk var gamle eller ikkje. Gamle folk snakka med rulle-R. No er også det over.

Eg kjenner ikkje til ein einaste årdalsbu som framleis rullar på R-en. Men eg har hatt gleda av å snakka med mange av dei. Ein gong snakka eg med ein av dei om huset på den nedlagde garden Rake, som ligg oppi lia nord for Øvre Tysdalsvatnet. Eg spurde om huset på Rake heldt seg godt, eller om det helst stod til nedfalls.

No skal eg skriva svaret eg fekk. Du bør lesa det høgt, ganske fort og med rulle-R. Dette er kanskje den mest storarta setninga som nokon gong er uttalt med rulle-R.

Han svara: «Nja, u e kje så go tågå på denne ståvå så når det rigne så renne det ner opså og så røyde det for det e barre tømra.»

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print
Bli varsla om oppdateringar? OK Nei, takk