Med varme, musikalitet og ein god dose humor, serverte Eidsvåg og Lillesund ei kulturoppleving som lokka fram latter og ettertanke. Eidsvåg hadde kontakt med publikum allereie frå første stund, og formidla tekstar og historier frå eige liv, med varme og innsikt, i ein naken og nøktern stil.
Eidsvåg opna konserten med den sjølvskrivne songen «Ei kvite jul»; ein song som handlar om å ønska seg ei enkel og fredeleg julefeiring.
Då den siste tonen stilna, kom det spontane kommentarar som «Fint!» og «Nydeleg!» frå salen, før applausen fylte rommet.
– Nå det diverre for seint å feira jul med mor og far, så i år skal eg feira jul på hytta i Breivik på Randøy, fortalde Eidsvåg, før ho heldt fram med «Hustavla»; ein av songane frå debut-albumet hennar, «Mørk og mjuk», som blei utgjeve i 2003.
Mørk og mjuk er beskrivande for både stemmeprakta til Vigdis Eidsvåg, og for innhaldet i dei mange rolege balladane som ho song seg gjennom denne kvelden – mellom anna «Lengt», «Tenke du på meg» og «Hu e norsk». Publikum fekk òg høyra om barnebarnet Kasper Sætherbø – midtbanespelar i A-stallen til Viking FK – som inspirerte ho til å skriva songen «Ikkje sova nå».
Sidekick og musikar Halvor Lillesund fekk òg skina med fleire instrumentale nummer. Hans tolking av Pat Metheny sin «Letter From Home» rørte mange, og han trollbatt publikum med trekkspelspelet sitt i mellom anna «Nordnorsk julesalme» og ein springar frå Gudbrandsdalen. Saman med Eidsvåg skapte han eit lydbilete som veksla mellom det sarte og det kraftfulle.
Kveldens første julesong – «Mary’s Boy Child» – førte til at allsongen runga i lokalet. Det same skjedde under «I en natt», som er skriven av storebror Eidsvåg, i refrenget til «Himmel på jord» og då Eidsvåg bestilte allsong til avsluttingssongen «Julekveldsvisa».
Men før Lillesund fekk spela opp til «Julekveldsvisa», kommenterte Eidsvåg korleis teksten eigentleg har blitt ganske så utdatert med åra.
– Me vaskar ikkje golvet på same måten lenger, for nå er det helst ein robotstøvsugar som fresar over. Du får dei til og med utstyrt med vasstank, så dei kan vaska og støvsuga på likt. Og julenek set me heller ikkje ut lenger. Forresten, nå når me er på ein gard, kan me ikkje vera einige om å kutta ut dei der plast-juletrea, og få inn ekta juletre i husa, spurte Eidsvåg retorisk, til stor applaus frå salen.
Eidsvåg og Lillesund tok seg ikkje bryet med å gå ut og inn igjen, for å få publikum til å be om ekstranummer. Ein stemningsfull versjon av «Stille natt», med publikum som kor, sette eit verdig punktum for kvelden.
Ekteparet Åse og Peter Sigmundstad har drive Løa i Tønnevik sidan desember 2022, og inviterer til om lag éin konsert i månaden. Kveldens konsert med Eidsvåg og Lillesund er den tredje julekonserten som dei har arrangert i Løa i Tønnevik.
– Det var fantastisk! Kjempeflott! God stemning, seier Åse Sigmundstad til Mitt Hjelmeland, like etter at den siste applausen har lagt seg.
Mannen hennar, Peter Sigmundstad, seier at han sette pris på den flotte songstemma, masse humor og Eidsvåg si forteljarevne.
– Eg synest det var kjempeflott! Det var herleg, variert, kjempekjekt og magisk, oppsummerer Peter Sigmundstad.