lys-vaken-i-ardal-kyrkje_foto_morten-hetland-3

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Lys vakne i Årdal kyrkje

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

Fredag kveld var det full aktivitet i Årdal kyrkje, då 18 femteklassingar deltok på «Lys våken»; eit arrangement som markerer starten på adventstida.

«Lys våken» er eit nasjonalt arrangement, der femteklassingar blir inviterte til ei heilt spesiell oppleving i kyrkja. Vanlegvis skjer arrangementet den første helga i advent, og målet er å la barna utforska kyrkja, leika og læra om advent og kvifor kristne feirar jul.

lys-vaken-i-ardal-kyrkje_foto_morten-hetland-1
VAKNE UNGAR: Sofiia, Mari og Karsten var blant dei 18 femteklassingane som fekk vera lys vakne i kyrkja saman med sokneprest Sigrunn Hagen Arnesen. (Foto: Morten Hetland)

– Me markerer kyrkja sitt nyttår, som er første sundag i advent. I tillegg lærer me ungane at dei skal vera lys vakne for seg sjølv, for kvarandre og for Gud, forklarer sokneprest Sigrunn Hagen Arnesen, som har vore med på å arrangera «Lys våken» dei siste femten åra.

Arnesen set stor pris på god hjelp frå både foreldra og dei fem konfirmantane som bidrog til å gjennomføra arrangementet.

lys-vaken-i-ardal-kyrkje_foto_morten-hetland-6
OPPLYST: Sjølv om det var bekmørkt ute denne fredagskvelden, var det mykje aktivitet og lys inni Årdal kyrkje. (Foto: Morten Hetland)

Gunnar Dalane var blant konfirmantane som stilte opp for dei 18 femteklassingane, som møtte opp frå heile kommunen.

– Først hadde me ein «bli kjent»-leik, og så laga me taco og åt saman, før me gjekk i gymsalen for å spela allemannskanonball. Så gjekk me tilbake i kyrkja for å sjå filmen «Stjernen», og så avslutta me med lystenning, fortel Dalane til Mitt Hjelmeland.

lys-vaken-i-ardal-kyrkje_foto_morten-hetland-4
LYSTENNING: Marit, Gunnar og dei andre deltakarane avslutta kvelden med lystenning. (Foto: Morten Hetland)

– Kva synest du var det kjekkaste i dag?

– Alt har vore kjekt, seier litlesøster Marit Dalane, som slit med å plukka ut berre éin kjekk aktivitet.

Nokre stader får barna overnatta i kyrkja i samband med «Lys våken», men denne gongen lét det seg ikkje gjera i Årdal kyrkje.

– I fjor var det så få som ville overnatta, og i tillegg skjer det mykje anna, så derfor satsa me heller på éin fredag ettermiddag i år. Og det gjekk bra! Det var god stemning, og alle har vore med og hjelpt kvarandre, avsluttar sokneprest Sigrunn Hagen Arnesen.

lys-vaken-i-ardal-kyrkje_foto_morten-hetland-5
SJØLVLAGA JULEPYNT: Sigrunn Hagen Arnesen heng opp ei ny forsyning med englar og hjarter, som femteklassingane og konfirmantane har laga saman. (Foto: Morten Hetland)

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print
Bli varsla om oppdateringar? OK Nei, takk