Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Stinn brakke på boklansering

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

Det var fullt hus på Høiland Gard då Karen Kyllesø og Samlaget lanserte boka «Heilt aleine: 54 dagar på tur til Sørpolen».

Karen Kyllesø er den yngste som nokosinne har gått åleine til Sørpolen. 23. januar kom ho heim igjen til Årdal, etter den 54 dagar lange ekspedisjonen. Åtte månader seinare lanserer ho boka som handlar om kvifor ho drog, korleis ho førebudde seg og korleis det gjekk.

Planane om å skriva bok blei lagde lenge før Karen landa i Antarktis, og la ut på den 1.133 kilometer lange oppoverbakken til Sørpolen. Forlagsdirektør i Samlaget, Edmund Austigard (som òg er frå Årdal), ringde til Karen medan NRK viste den siste Lindmo-sendinga, og spurde om det var mogleg å få til eit bokprosjekt. Karen tok utfordringa på strak arm, men forlaget hadde ingen garanti for at ho kunne skriva.

BOKSAMTALE: Under boklanseringa fortalde Karen om turen til Sørpolen, og om korleis det var å skriva bok etterpå. (Foto: Morten Hetland)

– Jau, ho kan skriva, var den spontane reaksjonen då Samlaget fekk tilsendt dei første sidene til boka.

For Karen sine evner spenner breitt: Ho kan gå heilt til verdas ende på ski, og ho greier å setja ord på korleis det kjennest å gjera det umoglege.

– Jordnært og enkelt om ekstrem kraftprestasjon. Karen Kyllesø frå Årdal gjekk aleine til Sørpolen. Boka hennar er utan sjølvskryt, men hyllar gleda ved å meistra, skriv Tom Hetland i Stavanger Aftenblad, som gav boka terningkast 5.

Og det er nettopp meistring Karen snakkar om i føredraga sine, og det er meistring ho skriv om i boka si. For Sørpolen-ekspedisjonen handla ikkje berre om å ta seg fram til polpunktet, men òg om å leva med og meistra utfordringane undervegs: Ho fortel om whiteout, som gjorde at himmel, snø og is gjekk i eitt, og om sastrugiane, som gjorde det tungt og vanskeleg å gå på ski. Ho fortel òg om kroppslege utfordringar som å blø naseblod i 25 kuldegrader, om frostskader på rumpa og i ansiktet, og om kuldeastma, som gjorde det vanskeleg å pusta i den tynne, skarpe lufta. Fleire gonger i løpet av turen har ho òg kjent på på tunge og trykkande tankar. Alt dette fortel ho om i boka, utan overdrivingar og nemneverdig dramatikk, men nøkternt og nedpå, som ein naturleg del av den ekstreme ekspedisjonen.

ENDELEG FRAMME: Karen Kyllesø brukte 54 dagar på å legga bak seg 1.133 kilometer på ski. 13. januar 2025 nådde ho polpunktet, som ligg 2.800 meter over havet. (Foto: Karen Kyllesø)

Sjølv om kvardagen var prega av slit, var det òg rom for små kvardagsgleder. Desse fortel ho òg om i boka; like nøkternt og naturleg. Ho fortel om å kunna nyta den varme kaffikoppen etter mange timar ute på tur, og om alle lappar og brev med helsingar som ho las undervegs på turen. Ho fortel om dei gongene ho opplevde «skier’s high» – kjensla av at ting berre flyt, og at ho ikkje trengde å tenka eller kjempa for å få kroppen til å gå framover. Og ho fortel om gleda av å kjenna på naturkreftene; av å kjenna kulde og vind i ansiktet. Ho fann òg glede i det litle kakelyset som farmora sende med ho på turen, som fekk gjera nytte som adventsstake. Og framfor alt skriv ho om den sterke meistringskjensla av å endeleg nå heilt fram til polpunktet på eiga hand.

VARME GRATULASJONAR: Bok-debutanten fekk lovord og varme gratulasjonar. Mellom anna overrekte ordførar Anita Husøy Riskedal ein gåvesjekk på 50.000 kroner til Karen-fondet. (Foto: Morten Hetland)

– Ei slik bragd må markerast! Først tenkte eg på ein statue, men det har du allereie fått i Eventyrskogen. Å kalla opp ein veg etter deg var heller ikkje så enkelt. Difor landa eg på at Hjelmeland kommune donerer 50.000 kroner til Karen-fondet, sa ordførar Anita Husøy Riskedal, før ho overrekte gåvesjekken.

Karen-fondet er oppretta av Hjelmeland Turlag, og dei første 30.000 kronene blei lagt inn i fondet då Karen gav frå seg honoraret for sine første Sørpolen-føredrag på Hjelmeland Samfunnshus. Fondet skal hjelpa ungdom under 25 år i Stavanger Turistforening sitt område med å realisera sine eigne friluftsdraumar – både store og små – ved å bidra til utstyr, transport eller andre kostnader. Målet med Karen-fondet er å spreia turglede, meistring og inspirasjon til nye generasjonar, og det er Karen sjølv som skal avgjera kven som får støtte.

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print