I boka «Bedehuskulturen» skriv Ståle Eggebø: Bedehusfolket har utan å prange – gjort sitt til å skape varme. Mellom anna ved noko så jordnært som ein basar. Og litt underhaldning har basaren skapt i bygder der det ikkje var så mykje som skjedde i ein lang vinter.
Basaren på Hjelmeland Bedehus er ein del av denne tradisjonen, og Terje Pundsnes har vore med på basarane på bedehuset så lenge han kan hugsa.
– Tidlegare har det gjerne vore meir folk, mellom anna fordi Barnekoret har deltatt og dratt med seg ein del folk. Det blei likevel ein grei dag, med ca. 50 frammøtte, seier Terje Pundsnes, leiar i Hjelmeland Bedehus.
Vidare skriv Ståle Eggebø: Basaren er ein del av bedehuset. Eit noko meir laussluppe innslag enn den vanlege møteverksemda. Omlag på line med juletrefestane. Ikkje slik at det gjekk uaktverdig for seg. Men basaren var for dei som elles ikkje torde vise seg på bedehuset, eit kjærkome høve.
Dagens underhaldning – forutan åresal, loddsal og sjølve trekninga – var lystenning, allsong, nokre musikalsk innslag, andakt med flanellograf, og ikkje minst drøs over ei skål med riskrem.
– Eg synest at andakten var veldig grei, og så er det kjekt med gevinstar og utlodding òg, seier Tordis Egeland, som var blant dei frammøtte i salen. Ho sikra seg òg ein porsjon med heimelaga riskrem, før trekninga starta.
Bedehuset er ein viktig arena for kristenlivet i Hjelmeland, og Pundsnes fortel at det er aktivitet på huset 3–4 dagar i veka, året rundt.
– I dag er det basar, i morgon føremiddag skal det vera møte og i morgon kveld skal det vera møte. På måndag er det nattverd, og på tysdag skal kyrkjekoret ha øving her, seier Pundsnes.
Det Norske Misjonsselskap, Normisjon og Norsk Luthersk Misjonssamband eig Hjelmeland Bedehus saman, og har valt eit felles styre som har ansvar for drifta av bedehuset. Inntektene frå dagens basar er eit viktig bidrag til å dekka dei årlege driftsutgiftene på ca. 100.000 kroner.
Hjelmeland Bedehus blei innvia i juni 1950, og 4. april 2025 inviterer bedehusstyret til 65-årsmarkering.
– Me skal mellom anna ha konsert med Sveinung Hølmebakk; ein av dei større kristne songarane i Noreg, røper Terje Pundsnes, leiar i Hjelmeland Bedehus.