I snart tre år har Lars Martin stilt trufast opp på sanitetsvakter og redningsaksjonar kringom i Hjelmeland. Tidlegare i vår vart han valt inn som yngste varastyremedlem i både Hjelmeland Røde Kors og distriktsstyret i Rogaland Røde Kors.
INTERESSANT OG LÆRERIKT
– Arbeidet i Røde Kors er kjekt, interessant og lærerikt. Som raudekrossar har eg lært å vera på heia, søkja og redda folk, og ikkje minst mykje om førstehjelp. No får eg òg læra mykje om styrearbeid regionalt og lokalt. Eg føler at eg får bidra med noko, sidan eg får vera med på å hjelpa folk som treng oss på ulike måtar, seier den unge årdalsbuen, som i juni flyttar heim igjen for å gå i lære som røyrleggjar.
– Det aller kjekkaste i Røde Kors samanheng er å vera på heia, til dømes under påskevakta i Blåsjø-området. Her slepp me kvardagens kjas og mas, samstundes som me får bruka den flotte heia til å øva på søk og redning, held han fram.
Hjelmeland Røde Kors har den siste tida vore gode på rekruttering. Det har resultert i relativt mange medlemmer under tjue år. Lars Martin hugsar godt korleis han vart rekruttert:
– Eg var med på Hjelmeland Ungdomsråd sin grøssartur i Trodla-Tysdal, der Hjelmeland Røde Kors var med som vakter. Utover kvelden tok eg og nokre kameratar kontakt med vaktene, og me snakka om arbeidet i Røde Kors. Dagen etterpå var det noko daudtid medan me venta på båtskyssen heim. Røde Kors-vaktene sette då i gang ein uhøgtidleg konkurranse, der tre-fire lag skulle konkurrera om å spjelka leggen på ein «pasient» nede ved elva, og laga båre til å bæra «pasienten» opp til hytta. Me greidde å laga ei solid båre som heldt heile vegen opp. Dette var så interessant og nyttig at eg valte å melda meg inn i hjelpekorpset, forklarer han.
– VIKTIG MED ENGASJEMENT
Den unge alderen hadde ingenting å bety for den komande karrieren i det lokale hjelpekorpset, og Lars Martin vart godt motteken frå første dag.
– Eg føler at eg var meir enn berre ei brikke, og vart stadig spurt om å vera med og hjelpast til. Det var vore ei kjekk tid. Eg lært mykje, og føler at eg har gjort noko viktig, i staden for å sløsa tida vekk på uviktige ting, tenkjer Lars Martin høgt, og fortel vidare at han har forventningar til arbeidet i styra.
– Det er viktig at ungdommane blir høyrde i styra, og då bør det vera med minst éin ungdom. Eg trur det er viktig at ungdommane lærer korleis ein driv styrearbeid. Me skal trass alt ta over ein gong i framtida, seier han, og legg til at Røde Kors så langt har gjeve han ei meiningsfull, lærerik og interessant fritid.
– Eg har hatt så mange positive opplevingar at eg utan tvil kan oppmoda andre til å bli medlem, og når ein først har blitt medlem, er det viktig å engasjera seg. Slik får ein glede og nytte av medlemskontingenten, i staden for å berre vera støttemedlem. Me treng alltid fleire som stiller opp. Det handlar om å gjera ein forskjell, slår raudekrossar Lars Martin Riskedal fast.
Skriv ein kommentar