Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Treng fleire bilete og meir informasjon til bygdeboka

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

Bygdefolket strøymde til biblioteket i Årdal, då dei blei inviterte til fotoinnsamling til den nye bygdeboka. I løpet av ettermiddagen fann om lag hundre "nye" bilete vegen inn i samlinga.

– Ein ringverknad av heile bygdebok-prosjektet, er at folk treff kvarandre, drøsar og mimrar. Det blir litt sosialt òg, seier bygdebok-forfattar Merete Sønsterud.

Arbeidet med ei ny gards- og slektssoge for Årdal starta i 2020, etter at kommunestyret vedtok å setja i gang prosjektet. Den gamle bygdeboka blei skriven på 1960-talet, og ei ny og revidert bok har vore etterspurt lenge.

Den nye boka blir til i samarbeid mellom Hjelmeland kommune og Universitetet i Stavanger. UiS-forskar Merete Sønsterud har hatt hovudansvaret for skrivinga, medan Trygve Brandal – som sjølv skreiv bygdebøkene for Hjelmeland og Fister – er leiar for bygdeboknemnda.

– Me er godt i rute. Gardshistoria er nesten ferdig, men det gjenstår framleis ein god del arbeid med folkedelen. Planen er at manuskriptet skal vera klart ved utgangen av 2026, slik at boka er klar for utgjeving i 2027, fortel Brandal.

LEIAR: Trygve Brandal skreiv sjølv bygdebøkene for Fister og Hjelmeland på 1980-talet, og bidrar nå som leiar i bygdeboknemnda. (Foto: Morten Hetland)

– Då er julegåva for 2027 i boks, smiler kulturleiar Magnar Riveland, men preiserer at årdalsbuane framleis må bidra med både bilete og informasjon om kven som bur og har budd på dei ulike eigedommane i bygda.

– Personvernreglane gjer at bygdebokprosjektet ikkje får henta inn opplysningar frå kyrkjebøker eller folkeregisteret som er nyare enn 60 år, så alt nytt stoff må koma frå folk sjølv. Så langt har me fått bra respons frå dei som er busette på gardar, men i bustadfelta – der folk ikkje har vore årdalsbuar i minst tre generasjonar – har det vore vanskelegare å få informasjon, utdjupar Riveland.

SKANNING: Kulturleiar i Hjelmeland kommune, Magnar Riveland, bidrog då bygdebokprosjektet fekk skanna om lag hundre nye bilete i løpet av tysdag ettermiddag. (Foto: Morten Hetland)

Fotoinnsamlinga denne veka er ein del av arbeidet med å dokumentera Årdal si historie – ikkje berre med ord, men òg med bilete frå kvardagsliv, arbeid, familie og fest. I løpet av ettermiddagen kom det inn om lag hundre bilete, og alle bileta blei skanna og registrerte fortløpande.

Dagens beste informant, Aud Tjentland Ullestad, bidrog med om lag førti nye bilete til samlinga.

– Eg gadd ikkje riva ut sider frå albuma, så eg tok berre med ein heil haug. Det gjekk tre og ein halv time, men det var kjekt. Eg likar slikt, slår ho fast.

SAMLAR OPPLYSNINGAR: Merete Sønsterud begynte straks å notera då Aud Tjentland Ullestad tipsa om at det eksisterer ei skuleoppgåve om dei historiske husmannsplassane på Svadberg. Slike opplysningar kan vera gull verdt for ein bygdebokforfattar. (Foto: Morten Hetland)

Magnar Riveland, kulturleiar i Hjelmeland kommune, fortel at Aud tok med seg bilete frå både Tjentland, Kyrkhus, Dalane og Sie, og fleire frå sentrumsområdet med Handelslaget.

– Nå har me til saman rundt 900 bilete frå Årdal, men mange av dei er frå skanningane som Trygve gjorde på 1980-talet, då han jobba med bygdeboka for Hjelmeland, forklarer kulturleiaren.

STEMNE: Eitt av bileta som Aud Tjentland Ullestad tok med seg til biletinnsamlinga, viser eit stemne i Årdal 4. juli 1920. (Ukjent fotograf)

– Har dokker funne noko spesielt med Årdal så langt?

– Eg har mellom anna lese at området her var «den vakreste trakten», som stammar frå mykje positiv turist-reklame frå slutten av 1800-talet; på den tida då Den Norske Turistforening blei etablert. I tillegg kan eg trekka fram at sandindustrien har ført til enorme forandringar av landskapet i bygda.

SANDUTTAK: Det er ingen tvil om at sandindustrien har endra landskapet i Årdal betydeleg. I bygdeboka vil ein kunna sjå bilete som viser korleis dei mange sanduttaka har sett sitt preg på bygda. (Foto: Morten Hetland)

– Ja, eg ser føre meg haugen på Soppaland, som eg måtte sykla over for å koma meg til skulen, forklarer Aud.

– Eg hugsar ikkje haugen på Soppaland, legg Magnar til.

Bygdebokforfattaren stadfestar at slike skildringar – og bilete – frå kvardagslivet kan vera gull verdt for bygdeboka.

– Me prøver å få fram både utviklinga av gardane og korleis det har vore å bu her – heilt frå dei første årdalsbuane er dokumenterte med namn i skattelistene på 1500-talet, til korleis utskiftingane på 1800-talet, bureisinga på 1930-talet og dagens jordbrukspolitikk har påverka utviklinga av gardane, forklarer Merete Sønsterud.

– Bygdeboka skal handla om alle busetjingane som har vore i bygda – på gardar, husmannsplassar og utskilde tomter – og om alle dei folka som har budd der, oppsummerer Trygve Brandal.

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print
Bli varsla om oppdateringar? OK Nei, takk